KAOS I GATA: Torgrim Holte (58) opplevde det som dramatisk da jordskjelvet rysta landet fredag. Internettforbindelsen var nede i flere timer, seier han.

Voldingen Torgrim Holte opplevde jordskjelvet i Bangkok på nært hald

Under ei jobbreise i Thailands hovudstad, blei opphaldet snudd på hovudet for Torgrim da eit kraftig jordskjelv rysta Sørøst-Asia fredag.

Publisert Sist oppdatert

– Det augneblinken eg skjønte det var eit jordskjelv, tenkte eg umiddelbart, her må vi få folk ut, seier Torgrim Holte.

Voldingen var på jobbreise i Bangkok da jordskjelvet skjedde. Han fortel at han skulle starte dagen med eit morgonbad, men merka fort at det var noko som ikkje stemde. 

– Eg sto å svaia og skjønte ingenting. Eg så bort på høgblokkene rundt meg, og dei svaia likeeins. Det kom vatn ut av den eine høyblokka, og det kom vatn frå bassenget på hotellet. Da tenkte eg, faen det her er eit jordskjelv.

Frykt for etterskjelv

Han seier at det einaste som sto i tankane var å kome seg levande ut, og få med seg så mange som mogleg. 

Voldingen og dei andre hotellgjestane måtte ned 20 etasjar, og mange var panikkslagne. Det fossa store mengder vatn ned trappa. – Frykta var der, men det var ein større redsle for etterskjelv.

STORE VASSMENGDER: Det fossa vatn ned hotelltrappa. Video: Privat

Følte tida sto stille

Holte seier det var ein stor usikkerheit blant hotellgjestane da dei kom ut i gatene. Dei var omringa av høge bygningar. – Kor er det trygt å stå, hvis dei plutseleg rasar saman?

– Sjølve jordskjelvet varte i maks eit minutt, men det kjendes ut som at tida sto stille, fortel han.

Informasjonsflyten var svekka i fleire timar. Holte seier det var vanskeleg å få informasjon frå styresmaktene, ettersom nettet var nede i fleire timar som ein følgje av skjelva. 

– Det har vore ein dramatisk dag, men verda gjekk tilbake til normalen få timar etter skjelvet, konstaterer Holte same kvelden som hendinga.

Jordskjelvet som traff Søraust-Asia blei målt til 7,7 i styrke på Magnitude-skalaen.

Seismolog Mathilde Bøttger Sørensen som forskar på jordskjelv, seier at dette jordskjelvet er eit stort skjelv på verdensbasis.

– Jordskjelv av dette omfanget ser vi i gjennomsnitt rundt ein gang i året. Det er ganske utruleg å sjå desse type skadene i Bangkok, ettersom det er tusen kilometer fra jordskjelvets episenter i Myanmar, seier ho.

Føler seg trygg

Holte stadfestar overfor Radio Volda at han føler seg trygg same kveld som skjelvet rysta hovedstaden. 

Hør reportasjen fra Radio Volda under:

Powered by Labrador CMS