Volding funnen død i Trondheim
Førre laurdag vart ein mann på 25 år frå Volda funnen livløs under vatn i Pirbadet i Trondheim. Han vart erklært død onsdag, melder Adressavisa.
Nokre som var i badet og trente oppdaga at han låg på botnen. Adressavisa skriv at personane hoppa uti og fekk han opp.
- Gjestane starta umiddelbart med hjarte- og lungeredning fram til vår vaktleiar kom og tok over kommandoen, seier Annikken Sandberg, direktør i Pirbadet, til Adressavisa.
Ambulansen vart tilkalla og frakta mannen til St. Olavs hospital.