
Voldas eigen Rive Rolf
VOLDA: Rolf Heltne (65) river ned alle barrierer. Til tross for hans aukande alder og korte erfaring med CrossFit, har han klart å klatre seg til toppen i årets CrossFit Open.

Musikken dundrar frå høgtalaren. På ei svær, kvit tavle festa på eit stativ står dagens økt: pull-ups, markløft og roing er skrivne med grøn tusj.
Sjølv om Rolf drar opp gjennomsnittsalderen på utøverane, ser ikkje dette ut til å bry han.
Høg puls og tunge løft er han van med. Han gnikkar kalk mellom hendene, klappar dei saman og tek eit godt grep om stanga, som har fleire tunge vektskiver på kvar si side.
Pusten trekkjast ned i brystet, beina står hoftebreitt, før han i ein kraftfull bevegelse tek eit løft.

– Eg har sprunge i sju år, men etter ei skade i beinet byrja eg å gå på treningssenter. Då CrossFit-boksen opna i Voldahallen, vart eg dratt med på ein time – og eg vart hekta frå første stund, fortel Rolf.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå har talet på eldre som trenar styrke auka kraftig dei siste ti åra. Dette er gode nyhende, ettersom fysisk aktivitet kan bidra til å redusere ulike plager og gi auka velvære og trivsel.
Fysisk aktivitet kan vere alt frå lett rørsle og mosjon, men her tek Rolf det til eit heilt anna nivå. Etter å ha blitt frelst av CrossFit, har han ikkje sett seg tilbake.
Nummer èin på to år
På berre to år med CrossFit har Rolf klart å bli nummer éin i Europa og nummer åtte i verda i si aldersgruppe. Under og etter økta får han både klapp på skuldra og høge heiarop frå dei andre utøvarane.
– Når ein er eit lag, byggjer ein kvarandre opp. Det er veldig sosialt og hyggeleg, seier 65-åringen, som set pris på støtta frå dei andre utøvarane.
Eit førebilete for mange
Lene Svindebø (25) er ein av dei som set pris på at fleire aldersgrupper tør å begi seg ut på den populære sporten.

– Rolf er verkeleg ein å sjå opp til. Han motiverer og skaper god stemning i boksen, fortel Svindebø.
Ho har merka at fleire eldre deltek på CrossFit, men ho anerkjenner at 65-åringen er i ein klasse for seg sjølv.
– Rolf er heilt rå. Han er førebiletet mitt, seier ho lattermildt.
- Viktig å gi hjartet litt juling
Svetten renn over tinningane, kinna er raude, og ein kan sjå blodårane pumpe i det dei ulike øvingane er ferdige.
– Hadde denne økta vore mi første her, hadde eg nok ikkje returnert, seier Rolf.
Det kan verke litt avskrekkande med høg musikk, kompliserte øvingar og eit allereie tett miljø i boksen, men bak fasaden handlar CrossFit om å byggje kvarandre opp og pushe seg sjølv til det betre.
Trass i såre musklar og høg puls er stemninga alltid på topp.

Det er noko Elisabeth Innselset, trenar ved CrossFit 6100 og lektor i idrett og kroppsøving, har ei forklaring på. Sjølv om trening kan vere tungt og hardt, påpeikar ho at trening først og fremst skal vere gøy.
CrossFit har vore ein suksess for Rolf, og Innselset meiner kombinasjonen av kondisjon og styrke er ein viktig faktor for at sporten har slått så godt an.
– Samhaldet her, men også det at ein kan tilretteleggje treninga på sitt nivå og samstundes strekkje seg etter nye ferdigheiter – også i vaksen alder – tenkjer eg vi alle har godt av, fortel Innselset.
Innselset tilbyr også eigne seniortimar, som ho fortel som regel er fulle.
– Det er eit auka kunnskapsnivå i dag, og spesielt for eldre er det viktig å oppretthalde styrke og balanse, og å ha god livskvalitet så lenge ein kan.
Ho fortel livet er for kort til å ikkje prøve nye ting. Ein er aldri ferdig utlært, og ein kan alltid utvikle seg – uavhengig av alder.
Det er Rolf eit levande prov på, og det verkar ikkje som om han har planar om å gi seg med det første.
– Eg skal trene så lenge kroppen held, fortel han.
Sjå den fulle reportasja nedafor.