
Volda og Ørsta: i full gong med vårreingjeringa
Den årlege innsamlingsaksjonen for farleg-avfall har starta på Søre Sunnmøre

– No vert det lettare for innbyggerne å levere farleg avfall. Dette er avfall vi ikkje vil ha i dunkane som dei har heime, og vi ikkje vil ha i den vanlege avfallssorteringa, fortel Anne Mette Farstad.
Farstad jobbar som kvalitet- og kommunikasjonsleiar i Volda og Ørsta reinhaldsverk, VØR. Ho fortel at innsamlingsaksjonen for farleg avfall vert godt motteke frå befolkninga i Ørsta og Volda kommune.
Farleg avfall inneheld stoff som kan gjere skade på miljø, menneske, dyr og føre til brann. For å redusere risikoen for at det skal skje noko, tar VØR det inn i eigen avfallsstraum. Kvar haust og vår samlar dei inn 10 til 15 tonn med farleg avfall frå 20 bygder.
Farstad fortel at etter påske startar bygderyddinga, der dei tek inn metall og større elektriske varer. Tidlegare har VØR erfart at enkelte kan kaste farleg avfall saman med det dei kastar under bygderyddinga. Det kan vere farleg for dei tilsette på miljøstasjonen. Difor har dei innsamling av farleg avfall før bygderyddinga.
Fyr og flammar
Farstad fortel at det oftast er batteri som vert feilsortert i papp- eller restavfall. Ved feilsortering av batteri er det ein stor risiko for brann, enten i bilen ved omlastning eller på mottaksanlegget. Dette har dei hatt erfaring med før.
– Vi hadde eit uhell i fjor då vi skulle tømme ein container for fritidshus. Der var det eit litiumbatteri som tilhøyrte ein drill som eksploderte og tok fyr. Det førte til ganske høge flammer. I tillegg så har vi hatt branntilløp her på miljøstasjonen og på Melsgjerdet der omlastingen vår skjer.

Søre Sunnmøre er gode

Steffen Myklebust (25) jobbar som driftskoordinator. Han fortel at han enda ikkje har opplevd noko store uhell men fortel at dei kan få inn sjølvantennende filler. Dette kan vere filler med stoff som reagerer på for eksempel luft eller vatn før det oksiderer og til slutt brenner.
Det var godt med besøkande som skulle levere frå seg avfall på miljøstasjonen Onsdag føremiddag. Myklebust påpeikar at folket på Søre Sunnmøre er flinke til å levere farleg avfall.