KLARE: Handballdamene i Volda er klare for å møte Fjelljammer på søndag, og håpar på å spele så godt dei kan.

Volda Handball i opprykkskamp – Kan sikre seg plass i toppdivisjonen

Søndag møter dei Fjellhammer, som saman med Volda tronar øvst på tabellen. For å sikre opprykk må Volda enten vinne eller spele uavgjort. Siger vil bety eit stort gjennombrot for klubben.

Publisert

VOLDA: Også i fjor stod damene frå Volda handball ovenfor eit mogleg opprykk, men då utan hell. Spesielt for årets opprykkskamp er at det står mellom lagene som ligg øverst i første divisjon. Med siger vinn dei på poeng, og ved uavgjort vinn dei på  målforskjell.

– Eg føler vi ligg mykje betre an i år enn i fjor og vi begynner å føle oss klare, seier Helga Pedersen, spelar på Volda handball.

SPENTE: Pedersen og Klauset ser fram mot kampen, og føler seg klare for søndag.

Pedersen seier det betyr veldig mykje at kampen spelast på heimebane.

– Eg trur og håpar det kjem mykje publikum, og det betyr litt ekstra at Froskeberget stiller opp og heier på heimebane, seier ho.

Lagvenninna Emma Eikrem Klauset er klar frå sidelina, sjølv om ho er skada.

STØTTE: Styrketreninga er også ein viktig del for samhaldet i laget.

– Det hadde vore veldig artig med eit opprykk, og få prøve seg i Eliteserien, seier Klauset.

Førebudd på alt

Kaptein Hannele Ebba Nilsson er også klar for kampen. Sjølv om dei ligg godt an, må dei vere førebudd på alt.

– Fram mot ein slik kamp, trenar vi mykje taktisk både forsvar og angrep, og ser på video frå andre kampar. Men sjølvsagt også styrke og handballtrening, seier Nilsson.

NERVER: Kaptein Nilsson seier det ikkje kan vere for mange nerver i spel.

Før ein slik kamp er det klart nerver dukkar opp.

– Ein må ha litt nerver, men det må ikkje bli for mykje. Vi er nervøse på ein god måte vil eg seie, fortel Nilsson.

BEINPRESS: Spelar Dana Bjørg Gudmundsdottir var fokusert under måndagens styrketrening.

Dersom det blir tap? Er det klare for kvalifiseringsrunde?

– Ja, men det tar vi etterpå, seier Nilsson lattermildt.

Kjempenøgd

Trenar Reidar Møistad er nøgd med damene sin innsats, og fortel om vekas førebuingar til kampen.

– Vi pleier å seie at normal is enough, så dersom vi held fram slik som vi har gjort på trening og kamp i det siste, så har vi ein god sjanse.

KLAR: Trenar Møistad ser fram mot kampen på søndag.
STYRKE: Damene trenar styrke mellom handballøktene.

Korleis ser treningsveka ut?

– Denne veka justerer vi treninga ettersom vi ankom Volda natt til måndag, etter siger mot Aker på søndag. Måndag gjekk til restitusjonstrening, før vi køyrer på med vanleg trening fram mot kamp. Vi prøvar å trene som normalt, seier Møistad.

Fokus før kamp

Møistad fortel at spelarane er flinke til å halde fokus på ein kamp om gangen. Det er derimot ikkje berre fysisk trening som skal til for å gjere damene klar til kamp.

– Vi har ein del videoanalyse også, både av Fjellhammer sine tidlegare kamper, og vår forrige kamp mot dei. Det ligg mykje i potten å vinne, men då krev det også at vi står på. I eliteserien blir det eit anna nivå enn kva vi har vore vant til i første divisjon, seier Møistad.

Møistad legg ikkje skjul på at det betyr enormt for klubben og bygda om laget rykkjer opp.

– Det betyr veldig mykje for Volda handball. Spesielt kult er det å kunne sjå dei beste laga i Norge kome på besøk. Vi håpar på mange tilskodarar som er med å støtte laget til siger. Eg har ein roleg og god følelse på at vi er heilt klare når vi møtast på søndag.

Foto/redigering: Sunniva Gimmestad

Powered by Labrador CMS