KRITISK: Legeforeininga er kritisk til regjeringas forslag om endring i legeordning.

Vil innføre videokonsultasjon i ny fastlegeordning

Regjeringa foreslår at det no skal bli plikt for fastlegar til å tilby digitale konsultasjoner. Legeforeininga er skeptisk.

Publisert Sist oppdatert

– Eg kan ikkje sjå at den nye ordninga løyser utfordringar vi har i dag. Det vil heller vere ein risiko for at dette kan auke belastninga til fastlegene. Det er begrensa kva ein kan tilby via video, og fysisk oppmøte vil framleis vere den beste oppfølginga ein kan få, seier leiar i allmennlegeforeininga, Nils Kristian Klev.

Andre grep

For å gjere kommunale legetenestar meir tilgjengeleg for folk, foreslår også regjeringa å prøve ut ei ny ordning om digital allmennteneste. Pasientane skal då kunne velje å få digital konsultasjon hos ein annan lege som har driftsavtale med kommunen, dersom du ikkje får time hos fastlegen din.

– Vi ynskjer at det skal vere like moglegheiter for innbyggjarane til å ha konsultasjonar med fastlegen på video, tekst og telefon. Difor foreslår vi at fastlegene skal få ein plikt til å kunne tilby tenestar på denne måten, slik at tenestane blir meir tilgjengeleg og kan spare innbyggjarane for reise som kostar tid, pengar og jobbfravær, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre, i ei pressemelding.

Ulikheiter blant pasientar

Nils Kristian Klev, i legeforeinga, er redd for at dette kan føre til forskjellsbehandling blant pasientane.

– Det er fleire ulemper enn fordeler med digitale konsultasjonar. Sjølv om det kan vere lett tilgjengeleg for nokon, er det fleire ulemper med digitale konsultasjonar, spesielt om legen ikkje kjenner pasienten og manglar tilgang til journalopplysningar. Utan moglegheit til å undersøke pasienten fysisk er det også avgrensa kva som kan løysast digitalt, seier Klev.

– Vidare kan dei som verkeleg treng lege, bli skjøve bak i køen til fordel for dei som brukar digitale konsultasjonar. Dette kan skape ulikheiter i tilgangen til helsetenestar, legg Klev til.

Han trur også at dette kan vere dårleg utnytting av kapasiteten til fastlegane.

– Fastlegar får meirarbeid med å oppdatere journalen din i ettertid. Vi må heller auka talet på fastlegar slik at du kan få hjelp av ein lege som kjenner deg og har tilgang til journalen.

Pilotprosjekt

Klev seier at det framleis er mange detaljar som ikkje er avklart i forslaget til ny forskrift. 

– Det er positivt at det i første omgang er avgrensa til ei pilotordning for å teste løysingane. Vi har framleis ikkje nok helsepersonell, så det er viktigare å prioritere rekruttering av fastlegar og ikkje til e-lege-tenester.

Regjeringa foreslår fleire endringar i si nye fastlegeforskrift. Forslaga er no sendt ut på høyring, med frist 18. juni. 

Klev seier dei ser fram til å lese heile stortingsmeldinga om allmennlegetenesta, og planlegg å gi eit samla høyringssvar i løpet av våren.

Powered by Labrador CMS