Gaute Steig og Thor Rune Ustad spelar tidelg på morgon for å unngå folk på bana.

–Vi spelar 7 gongar i veka

For Gaute Steig og Thor Rune har idretten blitt ein viktig del av kvardagen i Volda. No har dei lyst å utvikle sine ferdigheiter.

Publisert Sist oppdatert
Bana ligger på og rundt Volda stadion.

Over 230.000 runder med diskgolf har blitt registrert i Møre og Romsdal hittil i år. På Søre Sunnmøre blir banene brukt dagleg.  

VOLDA: Det er måndagsmorgen. Gaute (24) og Thor Rune (24) varmar opp ved korg nummer én på diskgolfbana i Volda. Dei rullerer på kven som skal kaste i kjettinga. Midt i kastinga får dei spørsmål om kvifor dei vel å kome så tidleg på diskgolfbana. 

– Det er mindre folk på morgonen. Da kan vi øve meir utan å bli forstyrra. Det seier Gaute Steig å treffer midt i blinken.

Etter eit par kast er dei klare for å spele ei full runde. Thor Rune leitar opp mobilen og gjer seg klar for å spele første hull. Til å registrere alle kast, brukar dei appen Udisc. 

Eksplosiv vekst

Berre i Noreg har over én million runder blitt registrert på appen hittil i år. Rundene er registrert på nesten 700 baner kring i landet og Volda diskgolfbane er ein av dei. 

–  Det er ein lavterskel sport. Det er også gratis å spele, og dei fleste baner i Noreg passar for heile familien. 

Det seier Morten Ro-Kolle som er seksjonsleiar i disksport i Norges Amerikanske Idretters Forbund (NAIF).

Morten Ro-Kolle spelar aktivt diskgolf.

Pargolf turnering 

I oktober skal NAIF arrangere ein uoffisielt NM i miksa pargolf, kor ei dame og ein herre spelar saman. Ro-Kolle er godt nøgd med at det også skjer mykje på kvinnesiden i diskgolf. 

–  Det er no påmeldt over 50 kvinner. Det er det største talet vi har klart å samle i eitt og same arrangement i Norge.

Ny voldameister?

Tilbake til diskgolfbana i Volda, har Gaute og Thor Rune passert hol nummer fire. Bana har totalt ni hol og ei heil runde varar som regel ein time.  

Tidlegare i september blei det arrangert NM i Diskgolf ved Øverås i Vestnes kommune. Der blei Sølve André Hatlen frå Volda kåra som ny Norges meister.

– Det er ganske kult. Vi har sjølv lyst å melde oss på turneringar, men da må vi øve litt meir, seier Thor Rune.

Sjå video av Nærnett som tester bana i Volda:

Powered by Labrador CMS