
Ungdommen i Volda er fornøgd med fritidstilboda i kommunen
Etter etableringa av fleire nye fritidstilbod for ungdom, har Volda kommune sendt inn nominasjon til årets ungdomskommune 2025. Det meiner dei unge at er vel fortent.

VOLDA: Mats Vigestad Aune (15) nyttar seg av fleire fritidstilbod for unge i Volda, og seier det er fine møteplassar for å møte venner, eller bli kjent med nye.
– Eg er i aldersgruppa som får tildelt gratis svømmekort i Voldabadet, og det gjer det enklare å møte venner. Vi har på den måten både ungdomsklubben og svømmehallen som gratis møteplassar, seier Aune.
Kompisen Simon André Grevsnes Kolås Ytrestøyl (14), synest det er fint at kommunen satsar på dei unge.
– Det er fint at Volda satsar på oss unge, for det er vel som ein seier, ungdommen er framtida.

Nye venner
– Eg synest det er veldig bra at Volda har etablert møtepunkt for ungdom på fritida. Då kan ein enkelt vere sosial dersom ein ikkje har så mange venner, seier Helene Alexandra Sætre (14).
Sætre reiser over fjorden frå Lauvstad for å vere på ungdomsklubben i Volda.
– Det er veldig fint å ha eit tilbod som er gratis, der ein slipp å betale medlemspris, seier ho.
Selena Grevstad Hjelle (14) synest det er viktig at kommunen brukar pengar på ungdommen i bygda.

– Eg har fått nye venner av å både bruke svømmehallen og ungdomsklubben, og blitt meir sosial når eg har faste stader å møte andre ungdommar på, seier Hjelle.
Alle fire er einige i at Volda har gjort seg fortent til å nominere seg som årets ungdomskommune 2025.
Årets ungdomskommune
Årets ungdomskommune er ein prisutdeling arrangert av barne, ungdoms -og familiedirektoratet (Bufdir). Prisen skal heidre kommunar som utmerkar seg i arbeidet med å gje unge høve til å påverke lokalmiljøa sine og vere med å utforme kommunepolitikken. Prisen blir delt ut annakvart år.
Kommunalsjef for oppvekst, Per Ivar Kongsvik, fortel om grunngjevinga for nominasjonen.

– Vi tenkte at dersom det er eit år Volda kommune bør og kan søkje på dette, så er det i år. For no har det skjedd ganske mykje dei siste åra av ulike tiltak i kommunen vår som leggjer forholda til rette for inkludering, meistring og trivsel, seier Kongsvik.
Kommunen har bygd ny symjehall, ungdomsklubb og kino, som alle er møteplassar for unge på fritida.
– Det er noko ungdom på sett og vis kan kjenne stoltheit i. At dei bur i ein kommune der dei vaksne ønsker å legge godt til rette for at dei skal vere delaktig i fellesskapen, meistre og lære, seier Kongsvik.
Fin drivkraft
Leiar for Ungdomsrådet i Volda, Ragna Hofset Kile (17), synest det er positivt at Volda nominerast til prisen årets ungdomskommune.

– Eg tenkjer det er ein fin drivkraft at kommunane velgjer å prioritere ungdommane sine, spesielt i ein mindre kommune som Volda, der ein ser at fleire og fleire flyttar ut. Det er ikkje nødvendigvis slik at mange velgjer å flytte heim igjen til Volda når dei er ferdig å studere, så det er viktig at vi legg eit godt grunnlag i å skape eit godt ungdomsmiljø, seier ho.
Kile trur ungdommen set pris på å bli verdsatt på denne måten, og meiner kommunen har gjort seg fortjent til nominasjonen.
– Eg trur vi har lukkast med at Volda har blitt ein betre stad for ungdommen, mykje fordi vi har arbeidd for å betre miljøet til ungdom.