TOPP FEM I NOREG: Tima Rukovsky under årets LÅMØ i Ålesund i mars

Timas veg mot OL-draumen

Den ukrainske 14-åringen Tima Rukovsky har allereie levd eit liv mange ikkje kan førestille seg, prega av flukt, tap og mange store endringar. No bur han i Ulsteinvik og har eit klart mål for framtida: Å vinne OL i symjing.

Publisert

Frå ukjent namn til å vere blant Noregs beste

–Om du har ein dårleg dag kan du symje og reflektere over det vanskelege. Det gjer det lettare å fortsette dagen, seier Tima.

GULLGUTT: Tima øverst på pallen er ikkje eit uvanleg syn.

Fyste gongen Tima deltok på eit stemne i Noreg var han heilt ukjent for dei fleste i symjemiljøet. Trenaren hans i Ulsteinnvik, Cian Walsh, fortel at dei andre klubbane vart overraska fyrste gong Tima viste sine ferdigheiter i bassenget. I dag er Tima eit kjent namn på topplistene, og blant dei fem beste i si aldersklasse på landsbasis. I mars konkurrerte Tima på eit nasjonalt stemne i Ålesund og kom heim med fleire medaljar.

Sjølv har Tima ambisjonar om å ta steget videre. Neste mål er Ålesund, der han håper å begynne på vidaregåande skule for å utvikle seg videre som symjar.

Ein ny heim i Ulsteinvik

Tima hadde sine fyrste barneår i Donetsk, men familien flytta så til Krym. Etter Russlands invasjon av Krym i 2014, måtte dei flykte til hovudstaden Kyiv.

I 2022 gjekk Russland inn i Ukraina og familien måtte flykte til Noreg. No har Tima og mora Inna Rykovsk budd i Ulsteinvik i over to år.

– Noreg er eit trygt land. Det betyr mykje for meg som mor å vite at Tima har det bra, seier Inna.

Frå eit strengt regime til nye moglegheiter

Da Tima var liten var han ikkje interessert i lagidrett. Faren var tidlegare symjar og ynskte at den seks år gamle sonen skulle prøve idretten.

Tima fortel at livet som ung idrettsutøvar i Ukraina var tøffare enn i Ulsteinvik.

– Frå eg var 8 til 12 år hadde eg to treningar om dagen. Fyrst klokka fem om morgonen og deretter rett etter skulen. Eg vart veldig sliten. Kroppen klarte ikkje å vekse, fortel han.

Familien vart på kort tid ramma av ei dobbel tragedie. Fyrst døde faren av kreft, og like etter innvanderte Russland Ukraina. Flukta derifrå førte dei til ein ny start i Noreg.

TØFF REISE: Tima og mora Inna har fått ein ny moglegheit i Ulsteinvik

 

Ein ny «familie»

I Ulsteinvik fann Tima og mora ein ny «familie» då dei flytta inn i kjellarleilegheita til Nina Ulstein og Øyvind Amdam.

Fyrste møtet mellom dei var uvanleg og sterkt. Huset til Nina og Øyvind ligg heilt nede ved vasskanten. Dei fortel at dei la merke til at Tima ofte stod og såg ut mot sjøen, tydeleg fasinert. Dei bestemte seg difor for å kjøpe fiskeutstyr til han. Då dei ringde på døra for å overlevere gåva, opna Inna og Tima – med redsel i blikket. Det var ikkje lenge sidan dei var komne frå eit krigsherja område, og var ikkje vane med uventa besøk.

Men då dei såg dei varme smila til Nina og Øyvind og tok imot fiskestonga, vart augneblinken rørande for alle, fortel dei vidare.

Tima fortalde seinare at fisking var noko han ofte hadde gjort saman med faren sin.

Dette vart starten på eit nært vennskap. No feirar dei bursdagar og høgtider saman, og drar på fisketurar og feriar i lag. – Øyvind er som min andre far, seier Tima.

Nina og Øyvind kjenner òg på det same bandet. – Han har vorte som vårt sjuande barn, seier dei.

SOM FAMILIE FOR KVARANDRE: Tima verte teken godt imot av Ulsteinvik-familien. Her saman med Nina Ulstein.
UNIKT FORHALD: Tima seier at Øyvind har verte som hans andre far om Øyvind Amdam.
FISKETUR: Øyvind og Tima deler ein felles interesse for fisking. Dette gjer dei gjerne saman.

Spleis til Tima

Det fyrste året Tima budde i Ulsteinvik fekk han økonomisk støtte frå kommunen til å halde på med idretten. Symjing er ein dyr sport, og på nivået Tima konkurrerte kunne det no verte vanskeleg å halde fram.

Øyvind og Nina starta da ein spleis som skulle bidra til at Tima kunne fortsetje.

–Vi såg og fekk høyre at han var veldig god i symjing, og da hadde vi allereie vorte glad i han. Difor ynskte vi han opp og fram. Dette har vore avgjerande for at han har klart å halde koken.

Spleisen vart ein stor suksess. Både familie, vennar og lokalbefolkninga deltok.

 

Ny start

I Noreg fekk han ein ny start.

–Allereie frå fyrste gongen Tima stupte uti bassenget, forstod eg at han var god. Det var openbert at guten hadde drive med symjing tidlegare, seier Cian.

Sjølv om han har imponert med symjeferdigheitene sine, er det andre styrkar trenar Cian trekkjer fram som dei finaste med Tima.

–Han er eit forbilde for dei små og tek vare på lagkameratane. Han har vorte eit viktig tilskot til klubben, seier trenar Cian.

TUNGT RUNDT NAKKEN: Tima viser stolt fram medaljene sine

Ein målbevisst gut

Både Nina, Øyvind, Inna og Cian er einige om at Tima er målbevisst og omsorgsfull.

Tima sjølv er tydeleg på kva han vil:

– Eg driv med symjing fordi eg ser ei framtid i det. Det er ikkje meditasjon, det er vondt, men gøy. Målet mitt er OL. Eg er rangert som nummer ein i brystsymjing, seier han stolt.

Neste steg for Tima er vidaregåande skule i Ålesund. Der han kan satse enda meir på symjinga.

– Om fem år er eg fem år eldre, og da skal eg vinne OL, fortel den ambisiøse 14-åringen.

Powered by Labrador CMS