PROGRAMLEIARAR: Henrik Hegg Johansen og Andrine Gald Myklebust skal vere Nærsynet sine programleiarar den fyrste veka.

Startskotet har gått for internpraksis

Dei to fyrste vekene blir prega av kommune- og fylkestingsvalet.

Publisert Sist oppdatert

Måndag 4. september gjekk startskotet for denne haustens internpraksis for journalistikkstudentane ved Høgskulen i Volda. Dei neste seks vekene er det tredjeklassingane som skal styre skuta på Nærnett, Nærsynet og Radio Volda.

— Det er veldig gøy å starte opp att, seier Henrik Hegg Johansen. Saman med Andrine Gald Myklebust skal han vere programleiar for Nærsynet den fyrste veka - der sendingane, naturleg nok, kjem til å bli prega av valet.

– Dette er fyrste gong eg dekkjer val, så det er veldig spennande. Og så er det gøy å få vere programleiar når vi skal ha debatt i studio, seier han.

– Mykje godt valstoff

Ansvarleg redaktør i Nærnett, Hild Nordal, fortel at det var eit lite sjokk å starte opp att med internpraksis.

– Det er det alltid. Men så går det ein time eller to, og så kjem kjensla av at, "YES! Dette er kjekt", smiler Nordal.

GIRA PÅ PRAKSIS: Hild Nordal tykkjer det er kjekt at haustpraksisen er i gang.

Internpraksis ved Høgskulen i Volda fungerer slik at fyrste- og andreklassingane har felles praksis på våren, medan tredjeklassingane har praksis aleine på hausten. Spesielt kjekt er det når det er tredjeklassingane som er i praksis, meiner ho.

– Da har dei kome så langt i løpet at dei er veldig sjølvstendige. Det er veldig kjekt å sjå.

Haustens praksis skal vare fram til 13. oktober. Dei to fyrste vekene er det kommune- og fylkestingvalet som skal vere hovudfokus.

– Lesarane kan vente seg mykje godt valstoff desse to vekene, fortel Nordal.

I løpet av praksisvekene skal òg fleire av studentane hospitere ved andre redaksjonar rundt om i fylket - mellom anna Møre-Nytt, Sunnmørsposten og NRK Møre og Romsdal.

Radio Volda har allereie hatt si fyrste morgonsending - den kan du høyre her.

I FULL GANG: Det er god kok på desken frå fyrste stund.
SMILER FOR PRAKSIS: Christine Karlsen og Johannes Havig-Gjelseth er i gang med sin siste internpraksis ved Høgskulen i Volda.
Powered by Labrador CMS