PÅGRIPELSE: Dommer Therese Eriksen Håhjemsvik har sammen med meddommarane beslutta at nordmannen i 30-åra må pågripast

Standalsaken: – Retten meiner at pågripelse er nødvendig

Nordmannen i 30-åra skulle forklare seg for retten. Dukka ikkje opp.

Publisert Sist oppdatert

ÅLESUND: Dag to av rettssaken er i gong. Dagen skal gå til at nordmannen i 30-åra skal forklare seg for retten. 

Han har ikkje møtt opp til rettssaken. Nordmannen har ikkje oppført noko gyldig fravær, og forsvarer Oddvar Aarsæther seier han har forsøkt å få kontakt med den tiltalte i dag, men har ikkje lykkast. 

Dei tiltalte

Nordmann i 40-åra: Tiltalt for å ha leigd ut eigendommen til tross for at han hadde kjennskap til at eiendommen vart nytta som plantasje. Han erkjenner ikkje straffskyld. Forsvarar er Roy Peder Kulblik. 

Nordmann i 30-åra: Tiltalt for å ha tilrettelagt ved utleige, transportmiddel og straumforsyning. Han er også tiltalt for andre narkotikaforhald. Han seier seg delvis skyldig. Forsvarar er Oddvar Aarsæther. 

Mann i 30-åra: Tiltalt for medvirking av dyrking. Han skal ha handla inn varer til dyrking, leigd ein konteiner, overført pengar og gitt ordrar til dei som dyrka. Han erkjenner straffskyld. Forsvarar er Øyvind Bergøy Pedersen.

Mann i 40-årene: Tiltalt for sjølve dyrkinga. Han erkjenner delvis straffskyld. Forsvarar er Erling Flisnes.

Mann i 30-årene: Tiltalt for sjølve dyrkinga. Han erkjenner ikkje straffskyd. Forsvarar er Abdelilah Saeme.

Mann i 40-årene: Tiltalt for sjølve dyrkinga. Han vil ikkje ta stilling til spørmålet om straffskyld. Forsvarar er Gustav Berg.

Aktor ber derfor politiet om å pågripe han, og framstille han for retten. Dette er ein sak der dei tiltalte risikerar meir enn eitt års fengsel, så da må ein møte i retten.

Dommarane trakk seg tilbake for å vurdere begjæringa frå aktor. Dei var einstemmige om at nordmannen måtte pågripast for at saken kunne fortsette.

– Retten meiner at pågripelse er nødvendig, sa dommer Therese Eriksen Håhjemsvik, til salen.

Alle i rettssalen må no vente til den tiltalte er pågripen, før saka kan fortsette. 

Nordmannen i 30-åra har fortsatt ikkje møtt opp klokka 14.00 tirsdag ettermiddag. Dersom han ikkje møter opp til rettssaken onsdag, kan ein risikere at saken fortsetter uten han. Saken blir da splitta, slik at nordmannen får si eiga rettssak seinare.

Bakgrunn

Det var i januar i år at politiet aksjonerte mot ein gård på Standal i Ørsta. I låven fant dei ein cannabisplantasje, og fleire menn vart pågrepne og sikta for å stå bak.

Mandag starta rettsaken mot seks tiltalte i den omfattande narkotikasaken.

Ifølge tiltalene, har politiet beslaglagt omtrent 23 kilo cannabis, og stansa produksjonen av ytterligare 9,6 kilo. Totalt skal politiet ha funne over 300 planter på gården.

Andre dag av rettssaken avslutta med at forklaringa til ein mann i 30-åra, som nekta å forklare seg i retten, vert lesen opp.

Powered by Labrador CMS