FEIRING: Slik har ein sett Volda store delar av sesongen.

Volda Fotball dominerer: – Eg kan ikkje sjå kor tapet skal kome

Volda fotball sitt herrelag har hatt ein imponerande sesong, og har 17 sigrar på rad. – Ein rekord for laget i nyare tid.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: – Det er ein ambisiøs og lysten gjeng som ønsker å rykke opp igjen etter fjoråret, seier analyseansvarleg og spelarutviklar, Håvard Husevåg Ludviksen. Han fortel at det store målet heile sesongen har vore opprykk:

– Etter nedrykket frå 3. divisjon i fjor, hadde Volda klare ambisjonar om å rykke rett opp igjen. 

Hovudtrenar Arild Hagen Bakke poengterer at dei har eit godt lag, og er ikkje overraska av utfallet.

– Vi beheld mykje av det same laget som vi hadde i 3. divisjon, og forsterkar oss utover sesongen når vi mistar ein del spelarar som reiser for å studere andre stader. Så vi er ikkje nødvendigvis veldig overraska over at vi gjer det så bra som vi gjer, seier Bakke.

Men 17 sigrar på rad er jo imponerande, det er jo ikkje tvil om det. Uansett kva motstand du møter. 

OPPTIMISTISK: Volda-trenar Arild Hagen Bakke har trua på at laget rykker opp til 3. divisjon.

Mentale utfordringar

Det er ikkje berre enkelt å vere så suverene.

– Den største utfordringa vår er det mentale, å kjenne alvor i det og vere konsentrerte og fokuserte, forteller trenaren.

Volda leier no 4. divisjon med 14 poeng over Herd, som ligg på andreplass. Med berre fem kampar igjen, treng laget berre eitt poeng for å bli kretsmeister og sikre plass i kvalifiseringa til 3. divisjon. Denne kampen skal dei spele på fredag, mot Aksla. 

Lokale "stjerneskot"

Med klare ambisjonar om opprykk tilbake til 3. divisjon, er Volda klare for å ta fatt på dei avgjerande kvalifiseringskampane.

– Målsettinga vår er å utvikle laget og utvikle fotballspelarar. Og så klare å vinne dei to kvalikampane vi får etter sesongen er slutt, seier Bakke.

Han fortel også at dei vil satse meir på dei lokale "stjerneskota".

– Vi ønsker å rykke opp i år med eit lag som har eit meir lokalt preg enn det vi gjorde i fjor og året før. Vi har på ein måte prøvd å sanke til oss dei vi meiner er interessante og gode i nærområdet for å førebu seg på spelet i komande sesong. 

Halde koken

Med 17 strake sigrar er Volda godt på veg til å fullføre sesongen med 22 sigrar, om dei vinn dei siste fem. Det har Ludviksen trua på.

– Eg kan ikkje sjå kor tapet skal kome, seier ein optimistisk Ludviksen

Han understrekar at det er viktig for Volda å fortsatt halde koken.

– Vi skal fortsette å jobbe hardt, vere audmjuke og søke utvikling. Vi må ikkje sleppe ned gassen, og fortsatt vere villige til å utvikle oss.

REKORD: Volda går mot rekord i nyare tid.

 

Powered by Labrador CMS