Søre Sunnmøre gjer det bra i ny fotballcup
Denne veka starta 2. runde av Sunnmørsposten Cup. Med lanseringa av ny fotballcup vil engasjementet auke for lokale lag, seier sportsleiar i Sunnmørsposten Kristian Stenerud.
Han fortel at inspirasjonen kom frå Stavanger Aftenblad sin Rogalandscup. På Sunnmøre har lag frå både sjette- til fjerde divisjon meldt seg på.
- Med eit slik tilbod vil vi kunne minske forskjellen på divisjonslaga på Sunnmøre, seier Stenerud.
Cupen har avtale med Sunnmøre Fotballkrets, og kampane blir sendt direkte på Sunnmørsposten sine nettsider, seier sportsleiaren til Nernett.
- Til hovedkampane våre har vi fleirkameraproduksjon, kommentatorar og ekspertar som står bak sendinga.
Store premier
For herreklassa vil vinnaren av cupen få plass i NM-kvalifiseringa. Dersom vinnaren allereie har plass i NM eller kvalifiseringa, vil plassen gå til tapande finalist.
- Vi kan risikere at ein klubb som aldri har spelt NM, får sjansen til å kvalifisere seg, det er artig, seier Kristian Stenerud.
I tillegg til pokal og pengepremier, vil også vinnaren møte AaFK i ein treningskamp vinteren 2025. For kvinneklassa vil vinnaren møte AaFK Fortuna.
I cupen har 39 lag meldt seg på i herreklassa, og sju lag i kvinneklassa.
Fotballaga på Søre Sunnmøre etter to runder:
1. runde:
Stordal/Ørskog-Volda 2 5–2
0–1 Delshad Amer Sharro, 1–1 Mathias Brusdal Nesvik, 2–1 Fredrik Øie, 3–1 Magnus Kaldhusdal, 3–2 Markus Halleråker, 4–2 Magnus Brautehaug, 5–2 Brautehaug.
Harøy – Ørsta 2–6
1–0 Kevin Ramjit Bergtun, 2–0 Stian Harnes, 2–1 Mats Øvrebotten, 2–2 Markus Bolli Austrheim, 2–3 Austrheim, 2–4 Andreas Hjellen Tangen, 2–5 Tangen, 2–6 Tangen.
2. runde:
Sande - Volda 2–10
1–0 Sondre Voksøy Bringsvor, 2–0 Voksøy Bringsvor, 2–1 Sturla Nedrelid Heggen, 2-2 Fredrik Malme Kvalsnes, 2-3 Christian Langlo Schjelderup, 2-4 Pijus Marcinkevicius, 2-5 Langlo Schjelderup, 2-6 Malme Kvalsnes, 2-7 Robert Mathias Dahlberg, 2-8 Dahlberg, 2-9 Vetle Johan Dagfinrud.
Hareid - Hasundgot 4–3
0-1 Isak Sundgot, 0-2 Sebastian Moldskred Kleven, 1-2 Johannes Sundgot, 2-2 Sundgot, 3-2 Kim André Gangeskar, 3-3 Nicolai Haddal Molvær, 4-3 James Kenneth Sjåstad.
Ørsta – Rollon, Søndag 3. mars.
Fredag 1. mars kl. 12.00 blir 3. runde i cupen trekt.
Les meir om cupen på Sunnmørsposten sine nettsider.