IKKJE FOR FRAMTIDA: Anne Sølvi Vatne (H) stilte spørsmål ved det nyaste vegforslaget.

– Skal vi bygge gårsdagens veg for morgondagen?

Nok eit veg-forslag på Fremre Mo vart lagt fram på kommunestyremøtet torsdag. 

Publisert Sist oppdatert

ØRSTA: – Det er eit av dei dårlegaste forslaga eg har høyrt på lang tid, seier Per Ivar Lied (Sp) under kommunestyrets møte, der han uttrykte sterk misnøye med forslaget til ei ny veglinje.

Saka om veglinja på Fremre Mo, som skal knytte det nye bustadfeltet til fylkesveg 655, engasjerte fleire i kommunestyret. Dette forslaget kom opprinneleg frå Ørsta bondelag, men vart teke vidare til kommunestyre av FrP, KrF og SV. 

KRITISK: Per Ivar Lied(Sp) var ikkje overbevist over forslaget til bondelaget.

Forslaget frå Ørsta bondelag var ein mykje smalare veg, med åtte prosent stigning og inga gang- og sykkelveg. Vegforslaget viste og høge skjeringar langs vegen.  

Anne Sølvi Vatne (H) var blant dei som stilte seg kritisk til forslaget. 

– Skal vi bygge gårsdagens veg for morgondagen? spurde ho, og sette spørsmålsteikn ved planens relevans for framtida

Matjord og beitejord i spel

Vekst eller vern er nokre stikkord i denne debatten. Vegen kjem til å gå over mykje beitejord, noko som bekymrar bøndene som driv der. Samtidig er det eit stort byggefelt, der mange skuleborn ferdast, og ein må finne ei løysing som er sikker for desse også. Og  trafikksikkerheita.

Fremre Mo diskusjonen

Ørsta kommune vil lage bustadfelt for å tiltrekke seg utflyttere tilbake til Ørsta. Da skal det bli laga ein ny veg som då vil gå over dyrka mark. Dette kan gå utover produksjonen i området.

– I kompromiss er det slik at som regel er det ingen som får dei optimale ønska sine. Vi er mange i Ørsta som meiner at jordvern er det viktigaste i denne saka, og kanskje må vi akseptere at noko matjord går tapt, noko meir enn det vi har tenkt, seier Magnar Hjertenæs (SV). 

Langvarig diskusjon

Dette er det niande forslaget på denne vegtraseen, og det kan sjå ut som at denne saka kjem til å bli den store politiske saka i Ørsta i tida framover.

– No synest eg at vi skal legge denne litt død, for dette blir litt som å kaste vekk pengane våre om vi skal gå vidare. Statsforvalttaren kjem aldri til å godkjenne den planen slik som den ligg no. Det trur eg vi kan vere ganske trygge på, endar ordførar Per Are Sørheim (H). 

Til slutt vart forslaget nedstemt, men det er ikkje enden av visa om Fremre Mo.

Powered by Labrador CMS