DØMT:Her i tingretten i Volda kom dommaren fram til at du skulle verte domfelling mot Ørsta kommume.

Ørsta kommune dømt for ærekrenking

— Eg er glad for at det er ferdig, det forklarte ørstingen i 50-åra etter rettsmøtet tidlegare i september. 

Publisert

VOLDA TINGRETT:

— Vi er ikkje glad i konfliktar. Vi synast det er keisamt når vi må møte i retten og vi trur kanskje at tapet vert størst for motparten, dette sa kommunedirektør i Ørsta kommune, Wenche Solheim etter rettsmøtet tidlegare i september.

 No er kommunen dømt til å måtte betale rett under 82.000 kronar i erstatning til ein mann frå Ørsta i 50-åra.

    

Dette er saka:

Ein mann frå Ørsta i 50-åra saksøkte Ørsta kommune for ærekrenking i samband med eit jobboppdrag i 2022.

Kommunen ønskte å avsetje ørstingen frå rolla si som prosjektleiar. Dette grunna at dei hevda at personen ville utnytte stillinga for personlege fordelar, sidan at prosjektet blei utført ved prosjektleiars private bopel.

Prosjektleiarens arbeidsgivar fekk ein e-post frå Ørsta kommune med beskjed om at prosjektleiar måtte trekkjast frå oppdraget. Ørstingen reagerte med «sjokk og vantru» då innhaldet i brevet vart kjent, og at e-posten ikkje personleg blei sendt til han.

Mannen frå Ørsta ønskte ei grunngjeving for avsetjinga frå kommunen, og meinte han ikkje fekk tilstrekkeleg med svar.

Torsdag 12. september bestemte Møre og Romsdal tingrett å dømme Ørsta kommune for ærekrenking.

Retten si vurdering

Retten skriv at e-posten som vart sendt til fornmærma sin abreidsgivar, innebar ei ærekrenkjande ytring som fører til erstatningskrav. 

— Det er ikkje omtvista at Ørsta kommune er erstatningsansvarleg for ein ærekreinkande ytring etter arbeidsgivaransvaret i skl § 2-1 og det ulovfesta organansvaret og retten ligg dette til grunn. skriv retten i si grunngjeving. 

Powered by Labrador CMS