Sjå redningshunden Aika i aksjon
Med påske like om hjørnet vil mange skiglade trekke til fjellet. Då er det godt å vite at redningshundane alltid er i beredskap dersom ein er uheldig og møter på eit skred.
Leiar i NRH Ørsta omegn og lag, Per Gunnar Engetrøen, seier at hundar er ein god ressurs i redningsarbeid. Når Aika får vesten på seg skjønar ho med ein gong at ho er på jobb.
– Det er klart at det krev mykje trening. Vi trenar under fleire ulike scenario, slik at vi skal kunne klare å takle det meste, forklarar Engetrøen.
Styremedlem i NRH Møre og Romsdal, Else Marie Ressem, synes at redningshundar er viktig å ha tilgjengeleg sjølv om folk er flinke til å bruke sendar og mottakar når dei går på topptur.
– Det er likevel ingen garanti for at den sit fast på kroppen når raset har stansa, seier Ressem.
Du kan sjå korleis redningshunden Aika søker etter skredoffer nedst i saken.