INGEN MIKROFONER: Det nye konseptet Lavmælt krever at bandet slår seg litt ekstra løs

Noregs lengstlevande bluesband endrar rytma 

Fredag spilte BokkeReidars på eit fullsatt Myreløda i Lauvstad. Etter 43 år med speling har dei nok ein gong gjennoppfunne seg sjølv.

Publisert Sist oppdatert

LAUVSTAD: Det er over ti år sidan Knut Reiersrud kalla Bokkereidars for "Noregs lengstlevande bluesband". Med tre album bak seg og opptredenar på festivalar som Moldejazz og Lillehammer Bluesfestival er de uten tvil bluesveteraner. Tidlegare skreiv dei songar på engelsk, men rundt tusenårsskiftet tok dei eit modig val – å syngje på sunnmørsdialekt. No har dei igjen fornya seg, denne gonga med konseptet Lavmælt.

Laurdag spela Bokkereidars på Myreløda, og konserten vart ei stemningsfull oppleving. 

 – Det var ein fantastisk spirituell konsert, levande og engasjerande. Du ser tydeleg at dei har det veldig kjekt på scena, seier Håvard Ramslid, ein av dei frammøtte.

Intimt og akustisk 

Han var ikkje åleine om å vere begeistra. I lokalet var det ikkje ein einaste plass til overs og trass i at det ikkje var alkoholsal, var stemninga god. Bassist og musikalsk sjef i Bokkereidars Svein Hunnes fortel at det ikkje nødvendigvis er ei ulempe at det ikkje er alkohol til stade under konserten. Konseptet "lavmælt" krev nemlig ein viss grad at publikum held seg rolige for å unngå unødig støy og for få frem dei akustiske instrumentene og tonene. Dei speler nemlig akustisk, uten mikrofonar for å forsterke lyden. Det kan gi en annerleides og djup kontakt med publikum. 

SAMSTEMTE: Det krever eksta finurlighet å spille sammen når det ikke er full trøkk. Trompisten må bruke demper. Video: Sindre Flaaten

– Før var det elektrisk og full trøkk, men no må til og med trompetisten bruke dempar. Ynskje  om å utvikle oss kom under koronapandemien. Publikum må sitje heilt stille, og det gjer konsertopplevinga mykje meir intim, fortel han.

Ein sammensveisa gjeng

Hunnes har vore med i bandet heilt sidan starta, og berre tre månader seinare blei trombonist Andre Folkestad med. Resten av medlemma har vore ein del av gruppa i fleire tiår. Yngstemann i bandet, pianist Steinar Høydahl, blir framleis omtalt som "aspirant" – trass i at han har spelt med Bokkereidars i over 15 år.

På spørsmål om kva vokalisten Solheim tenkte om å opptre denne fredagskvelden, sa han at dette var ei fin oppleving og ei god utfordring.

– Det krev meir av kvar enkelt, og vi får ingenting gratis. Då må vi jobbe for responsen, og det likar vi, sa han.

Konserten på Myreløda var ein av fleire lokale opptredener den siste tida og bandet ser ikkje ut til å kaste inn handkledet med det første. Dei har vært i studio allerede og har planar om å gje ut nytt album til hausten.

DET SVINGER: Pianist Steinar Høydahl har fleire talent. Video: Mikkel Eriksen

Powered by Labrador CMS