ØRSTA: Hittil i år har Eurospar Ørsta panta over 2 millioner flasker og bokser.

No pantar vi for miljøet og pantemillionen

– Viss ein tapar vil pengane uansett gå til ein god sak. Det seier butikksjef Jana Allecke. 

Publisert Sist oppdatert

PANTING: Nesten 900 millioner flasker og bokser har blitt panta hittil i år. Det viser tal frå Infinitum. I Møre og Romsdal har over 80 millioner flasker blitt panta og talet fortsetter å auke.

Sidan oppstart i 2008, har over 850 millioner kroner blitt samla inn til Røde Kors frå pantelotteriet. No ser Infinitum at engasjementet for pant blir større. 

Panta flasker i butikkar på Søre Sunnmøre hittil i år:

EUROSPAR ØRSTA: 2,1 millioner

REMA 1000 ULSTEINVIK: 840 tusen

KIWI VOLDA: 566 tusen

REMA 1000 FOSNAVÅG: 497 tusen

EUROSPAR HAREID: 430 tusen

RUNDE MILJØSENTER: 1570

MCDONALDS MOA: 694

Pant for miljøet

- Vi har eit velfungerande system. Alt av pant går til resirkulering og blir til nye flasker og bokser, seier Kjell Olav A. Maldun.

Infinitum har dei siste åra merka ei endring når det gjeld yngre sitt syn på panting. Selskapet ser spesielt ei auke på energidrikkar.

– Panting ligg i ryggmargen. Kjem ei drikke på marknaden utan pant, får vi mange henvendelsar at produktet er utan pant. Det seier administrerande direktør i Infinitum, Kjell Olav A. Maldun. 

Infinitum har sidan tidleg 2000-tallet hatt ein ordning som gjev Norges Røde Kors hjelpekorps også moglegheit til å tene pengar på panting av bokser og plastflasker.  

Pant for pengar 

Valet mellom å trykke på grøn eller kvit knapp på pantemaskina kan vere vanskeleg. Enten får du pante-pengane sjølv, eller så gjev du panten til eit sjansespel. 

Det var mot slutten av august i år på Coop Marked i Lauvstad, at ei kvinne val å trykke på knappen som gav den gjevaste gevinsten. 

– Vi høyrde ein melodi frå pantemaskina. Eg trudde det var ingenting, men så kom det full jubel. På lappen såg vi eit tall med seks nullar på. 

Butikksjef Jana Allecke merka spesielt ei endring blant dei som kjem innom butikken etter hendinga.

Butikksjef Jana Allecke seier at ho bruker pantelotteriet kvar dag når ho er på jobb.

– Eg ser at fleire tek i bruk pantemaskina når dei er innom butikken. Sjølv pantar eg minst ei flaske kvar dag og trykker på pantelotteriet. Det er jo spennande. 

Totalt har to personer i Volda kommune vunnet ein million kroner på pantelotteriet hittil i år. Tidlegare i mai var det ein heldig vinnar som panta seg til millionen på Coop Extra Volda Furene. 

Pant for en god sak

I over 16 år har lotteriet vore i drift blant dei forskjellige pantemaskine i landet. Dagleg leiar for pantelotteriet, Gaute Langdal, meiner at ei slik ordning har mykje å seie for lokalmiljøet. 

Gaute Langdal har aldri vunnet på pantelotteriet.

– For dei små laga som Ørsta- og Volda Røde Kors, vil ein få rundt hundre tusen kroner i støtte på grunn av pantelotteriet. 

– Men kan ein bli spelavhengig.

– I løpet av alle desse åra, har det ikkje vore noko meldingar til Hjelpelinjen for spilleavhengige. Vi har avgrensa tilgang til tomme flasker og det er ingen moglegheit for gjenspel. 

Vegen til pantemillionen 

Reporter Eskil Flem var på oppdrag etter hendinga i Lauvstad. Målet var å lære meir om historia bak pantelotteriet og korleis systemet fungerar. 

Powered by Labrador CMS