– Nei, så langt har me ikkje tenkt
Det svarar ordførar i Hareid, Bernt Brandal, på spørsmål om matjord er prioritet i kommunestyremøte.
VESTRE SUNNMØRE: Eit godt og berekraftig jordbruk er ei vedteken prioritering for regjeringa. I kommunane på søre Sunnmøre har dei ulike meiningar om saka.
På kommunestyremøte i Sande, var ei av sakene eit brev frå Landbruks- og matdepartementet. I brevet stod det at kommunane rundt i Noreg må spare dyrbar mark frå utbyggingsformål, til landbruks-, natur-, frilufts-, og reindriftsformål. Kjartan Bleie i Sande Frp deler ikkje den oppfatninga.
– Å bygge hus bør vere høgare prioritet enn jordvern. Utbygginga av hus bør stå sterkt i Sande for at folk i kommunen skal ha ein plass å bu, seier Bleie.
Ikkje jordvern på monitor
Bernt Brandal fortel at jordvern er ei viktig sak for partiet. Partiprogrammet stadfestar at dyrka mark skal prioriterast.
– Me har alltid jordvern i bakhodet. Brevet frå Landbruks- og Matdepartementet har me ikkje tenkt på så langt, eller tatt stilling til, forteller Brandal.
Viktig å planlegge
– Me må kunne produsere maten sjølv. Då kan me ikkje bygge ned jorda som me skal leve av i framtida, seier Brubakk.
Leiar i Vestre Sunnmøre Bondelag, Svein Ulrik Helt Brubakk, meiner det er viktig å ha fokus på slike saker i kommunestyra.
– Både veg og hus må til, men ein må tenke lurt og planlegge godt, seier Brubakk.
Han meiner kommunen må ha ein god plan på utbygginga, så ikkje alt av matjord forsvinn.
– Me må kunne produsere maten sjølv. Då kan me ikkje bygge ned jorda som me skal leve av i framtida, seier Brubakk.
På agendaen i Ulstein
Ordførar i Ulstein, Stian Skorgen Scheide, seier at dei har ei god og sunn haldning til dette i kommunen.
– Det er matjord i kommunen som blir ofra fordi jorda ligger mellom areal som allereie er utbygd. Det er diskusjon om ein skal erstatte denne jorda, men då må ein ta av utmarka, fortel Scheide.
Scheide fortel at saka skal opp som referatsak i neste kommunestyremøte.