NY RAPPORT: Tysdag vart rapporten om Helseplattformen lagt fram.

Nedslåande rapport om Helseplattformen

Tilsette ved sjukehusa i Møre og Romsdal er svært misfornøgde med Helseplattformen. Det blir slått fast i ein ny, nedslåande rapport.

Publisert Sist oppdatert

HELSE: Helseplattformen har i lenger tid vore omtalt som ein skandale. No slår ein ny rapport frå eit forskarteam på Høgskulen i Volda fast det mange allereie trudde. Dei tilsette som var med i undersøkinga fryktar for blant anna nedlagde sjukehus og fare for pasientsikkerheita.

Dette er Helseplattformen:

Helseplattformen er eit felles digitalt journalsystem for sjukehus, kommunar og fastlegar i Helseregion Midt-Noreg. Dette inneber fylka Trøndelag og Møre og Romsdal.

Det er kun Helse-Midt som brukar Helseplattformen.

Sjukehusa i dei tre andre av landets helseregionar brukar eit journalsystem frå det norske selskapet Dips AS.

Undersøkinga byggjer på svar frå legar, radiografar og administrativt tilsette ved sjukehusa i Møre og Romsdal. Til saman var det 669 deltakarar.

Sjukepleiarane var ikkje med i undersøkinga. I kontakt med fagforeiningane var det ifølgje forskingsteamet ikkje mogleg å dele undersøkinga med sjukepleiarane, blant anna grunna mangel på kapasitet til å distribuere undersøkinga.

Forskingsgruppa understreker at dei ynskjer å undersøke desse gruppene på eit seinare tidspunkt.

Dystre tal

Leiaren for prosjektet, professor emeritus ved Høgskulen i Volda, Kåre Heggen, seier at det er mange kritiske punkt ved undersøkinga.

LEIA PROSJEKTET: Det var Kåre Heggen som leia arbeidet med forskingsrapporten.

– Dei funna vi har fokusert mest på, er blant anna at tida som blir brukt på å finne medikament, går ut over pasientarbeidet.

Gjennom undersøkinga var det brei einigheit blant deltakarane rundt mange punkt. Her er nokre av dei:

· Berre tre prosent av deltakarane svarar at pasientane har fått eit betre helsetilbod som følgje av innføringa av Helseplattformen.

· Over 90 prosent svarar at dei fryktar for nedleggingar av sjukehus, også som følgje av innføringa.

· 90 prosent meiner at prosessen som leia fram til innføringa av Helseplattformen var for dårleg

· Rundt 85 prosent meiner at det er vanskeleg å finne pasientinformasjon.

· 90 prosent svarar at Helseplattformen er vanskeleg å bruke.

· Nesten 50 prosent seier at dei vurderer å slutte i jobben, eller aktivt leiter etter ny jobb, på grunn av Helseplattformen.

Over 80 prosent svarar at pasientsikkerheita er forverra. Fleire legar meiner at både personvern og legemiddelhandtering har vorte forverra.

«Systemet gjer det krevjande å gje riktig medisinsk behandling.» (lege)

«Det er mange problem med Helseplattformen når det gjeld personvern, eg får f.eks. blodprøvesvar av pasientar eg ikkje er involvert i.» (lege)

Mange ville delta

Av legane og radiografane var det rundt halvparten som takka ja til å gjennomføre undersøkinga, dette er meir enn det som er vanleg.

I tillegg svarte 42 prosent på eit ope spørsmål på slutten av undersøkinga. Dette overraska professor ved Høgskulen i Volda, Bjarte Folkestad, som også var med i arbeidet rundt undersøkinga.

OVERRASKA: Bjarte Folkestad fortel om sine synspunkt rundt funna i rapporten.

Han påpeiker at dette viser at temaet om Helseplattformen opptar dei som har svart svært mykje.

– Eg har aldri i mi karriere opplevd at så mange har skrive så mykje og omfattande på ei undersøking, seier Folkestad under framlegginga av rapporten.

Nedslått Legeforeining

Det var Møre og Romsdal legeforening som førespurde undersøkinga, og dei er ikkje overraska over funna. Styremedlem, Tom Willy Christiansen, utrykker til liks med Kåre Heggen er bekymra for rekrutteringa.

– Dei som ynskjer seg ei karriere innan helse skygger unna Møre og Romsdal. Dei som er her sluttar, og ingen planlegg å starte her.

Han fortel vidare at Sjukehuset i Volda er raudlista, og skjer det ingen endring, kjem det til å bli nedlagt. Han rettar sterk kritikk mot Helseplattformen.

– Helseplattformen er vår største, dyraste og farlegaste dataskandale, seier Christiansen.

Han held ikkje tilbake i kritikken mens han siktar til at ordninga har vore dyrare enn forventa. Helseplattformen har kosta over seks milliardar kroner. I oktober i fjor skreiv Aftenposten at det kjem til å koste 800 millionar årleg å drifte.

SKUFFA: Styremedlem i Møre og Romsdal legeforening Tom Willy Christiansen slaktar Helseplattformen.

Misfornøgd overlege

– Helseplattformen er eit lite effektivt system, og vi føler at det har blitt tredd nedover oss, fortel ein skuffa Eivind Hustad Vinjevoll.

Han er hovudtillitsvalt for overlegane på Volda Sjukehus.

Han fortel at «ein pasient, ein journal» er den store visjonen, og det vart sett fram til, men sluttproduktet har vore vanskeleg å arbeide i. I tillegg fryktar han for pasientsikkerheita.

– Vi opplever delar av Helseplattformen som direkte truande for pasientsikkerheita.

SKUFFA: Eivind Hustad Vinjevoll er bekymra etter at rapporten om Helseplattformen vart lagt ut.

Han er ikkje overraska over tala i rapporten, sidan den fortel det legane visste frå før. Han fryktar også for at Helseplattformen kjem til å gå utover rekrutteringa av helsepersonell.

– Vi har sett at folk med kompetanse innan helse vel oss vekk, og det er absolutt ei bekymring vi har.

Helse-Midt svarer på rapporten

Helse-Midt vedtok i fjor vår å innføre Helseplattformen i Helse Møre og Romsdal, sjøl om dei takka nei. Her er svaret deira på rapporten: 

«Ni sykehus og 34 kommuner i Midt-Norge bruker nå journal- og samhandlingsløsningen Helseplattformen. Innføringen har vært mer krevende enn forutsatt, og arbeidet med å bedre brukervennligheten er viktig og har høy prioritet. Nå i januar 2025 melder Helse Møre og Romsdal HF om høyere aktivitet enn planlagt og at ventetidene synker. Det er fortsatt utfordringer, men utviklingen viser at driften normaliseres over tid. Det viser ikke minst erfaringer fra St.Olavs hospital HF.»

Svaret er underskrive av Eiliv Flakne, direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt Helse Midt-Norge RHF.

Powered by Labrador CMS