Kva ventar me på?

Når opnar silebana?
Endeleg har det etterlengta Voldabadet opna, til stor glede for lokalmiljøet. Men ein av hovudattraksjonane er enno ikkje på plass. Når blir vass-sklia klar til bruk?
Stupetårn, kaldkulp og sauna; Voldabadet har mykje å tilby for badeglade gjester.

- Opninga har vore over all forventning, og da var forventningane høge. Det har vore bånn gass og kjempegøy, seier dagleg leiar for Voldabadet, Solveig Storeide.
Men det dei unge gjestane kanskje har gleda seg mest til, er enno ikkje på plass.
Eit skilt, der det står stengt med store bokstavar, sperrar av trappa opp til vass-sklia.
- Utafor vår kontroll
Voldabadet har vore open sidan 11. januar, men sklia er enno ikkje klar.
- Når det gjeld vass-sklia, er det utafor vår kontroll. Det ligg inne hos Jernbanetilsynet, og det får ikkje vi påvirka, forklarar Storeide.
Statens jernbanetilsyn (SJT) har tilsynsmyndigheit for norske jernbanar, taubanar og fornøyelsesinnretningar, som vass-sklier er kategorisert som.
Dei seier at dei tok imot søknaden frå Volda kommune 15. januar etter åpninga av Voldabadet.
SJT vurderte og svarte kommunen allereie 4. februar, der dei informerte om manglande dokumentasjon som må sendast inn før dei kan sluttbehandle søknaden.
Dei meiner med andre ord at saka ligg hos kommunen.
Ting tar tid
Prosjektleiar for Voldabadet, Kåre Hjell, forklarar at det tar tid å framskaffe all dokumentasjon, sidan kommunen har eit internkontrollsystem som Jernbanetilsynet ikkje har tilgang til.
- Vi kan derfor ikkje seie når sklia vil opne enno, påpeiker Hjelle.
Så da er det berre å fortsette smøre seg med tålmodigheit, og håpe at sklia opnar i næraste framtid.