SPENT: Det er fyrste gong dei fire gutane er med på noko slikt.

– Vi har gjort dummare ting

Det seier Simon i 10. klasse ved Sæbø skule. Måndag 23. september skal han og tre andre klassekameratar gjennom NRK sin klassequiz.

Publisert

Klassequizen er ein nasjonal kunnskapskonkurranse for elevar på 10. trinn i heile Noreg. Konkurransen byrjar med quizrundar i distriktsradioen rundt om i heile landet, frå september og fram til jul.

I Ørsta kommune skal 10. klasse frå alle dei tre ungdomsskulane delta. Dette vil seie Ørsta ungdomsskule, Vartdal skule og Sæbø skule.

Frå Sæbø skule skal Simon, Reidar og Tore stille. Iver er med som reserve.

OVERRASKE: Andrine Kompen trur elevane hennar overraske. – Dei kan meir enn dei av og til viser, meiner ho.

Kven som skal delta, er bestemt ut frå kven som vil vere med, og i denne klassa var det desse fire gutane som meldte seg, fortel Andrine Kompen, som er kontaktlærar for klassa. 

– Vi kan ende med å drite oss ut

Dei fire gutane frå Sæbø er ikkje redde for å delta på klassequizen, men dei innrømmer at dei er redde for å potensielt drite seg litt ut.

– Men vi har gjort dummare ting på ein heilt vanleg skuledag, så dette er ingenting i forhold, innrømmer Simon.

Dei har brukt tid på å førebu seg, og har blant anna brukt litt ulike hjelpemiddel for å teste kunnskapane sine.

– Vi spurde KI om vanskelege spørsmål for ein tiandeklassing, og svarte på dei, forklarar Simon vidare.

Iver legg til at dei i tillegg har fått resten av klassekameratane sine til å stille dei spørsmåla som var i fjorårets klassequizfinale.

– Det gjekk danske dårleg, seier Simon før han vert avbroten.

– Nei, det gjekk faktisk ganske bra, vert det protestert frå sida.

Etter litt vert dei fire einige om at det faktisk gjekk nokså greitt under generalprøva deira.

Har planen klar

– Kor langt håper de å kome?

– Lenger enn dei i fjor frå Sæbø, vert det konkludert.

Kontaktlærar Andrine håper så klart laget kjem seg langt, men det er éin ting som er viktigare enn dei andre.

– Det hadde vore gøy å slå dei andre skulane i Ørsta kommune, seier ho med eit litt sjenert smil.

Gutane trur i alle fall at dei kjem til å gjere det heilt gjennomsnittleg på sjølve klassequizen.

Det er litt tid før deira quizrunde skal sendast på NRK sin distriktsradio, det er ikkje før 4. oktober.

Men klassequizen er allereie godt i gang, og det er mogleg å høyre andre skular delta alt no.

Høyr radiosaka om gutane si førebuing her: 

Powered by Labrador CMS