JUBILEUM: Fosnavåg konserthus fyller ti år. Arrangementsleiar Petter Ole Wolden Kopperstad og kioskansvarleg Maria Bakkevoll gler seg

Kinoen i Fosnavåg har bursdag:– Det blir kake, jubel og mykje kinoframsyning. 

– Eg håpa det betyr like mykje for dei som det gjer for oss

Publisert Sist oppdatert

Torsdag 2. oktober er det nøyaktig ti år sidan Fosnavåg konserthus og kino opna dørene for første gong og viste sin første film. Jubileet har blitt markert gjennom heile veka, med ei rekkje filmvisningar og sjølvsagt kake til folket.

Arrangementsleiar Petter Ole Wolden Kopperstad og kioskansvarleg Maria Bakkevoll ser fram til å halde fram med feiringa saman med publikum.

Stor feiring

– I dag blir det ei stor feiring her i huset. Vi serverer kake og byr på fleire overraskingar frå klokka 17. Deretter viser vi ein gratis familiefilm i konsertsalen, seier Bakkevoll.

Filmen som skal visast på jubileumsdagen er "Todd og Super-Stella", ein film arrangørane meiner passar godt til anledninga.

– Den handlar om eit søskenpar med mange intriger og humoristiske situasjonar. Filmen er veldig underhaldande og høver for familiar og folk i alle aldrar, legg Kopperstad til.

Sidan måndag har det vore fleire førpremierar på storfilmar, og arrangørane er godt nøgde med variasjonen i programmet. Konserthuset er nemleg ein stad der alle skal kjenne seg velkomne.

Ein samlingsplass for alle

Kioskansvarleg Bakkevoll håpar at konserthuset betyr like mykje for innbyggjarane som det gjer for ho.

– Det er stor stas å feire saman med alle i Herøy. Dette er jo ein samlingsplass for folk i alle aldrar. Enten du er 10 centimeter høg eller nærmare 90 år, så er alle velkomne, smiler ho.

Målet er å ha eit breitt filmutval som appellerer til ulike smakar og aldersgrupper.

– Denne veka har vi verkeleg satsa på eit variert program. Eg synest vi har fått til eit knallgodt opplegg, humrar Bakkevoll.

Arrangementsansvarleg Kopperstad understrekar at sjølv om det er konserthuset som fyller år, så er feiringa for innbyggjarane og dei som besøker kommunen.

– Konserthuset har bursdag, men huset er for alle i Herøy, og alle tilreisande. Så på ein måte er det vi som har bursdag, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS