ENGASJERTE: Per Atle Røe og Anne Ellingsen vil at unge og eldre skal dele ei god framtid.

Jobber for meir bulyst i Ørsta

Ny organisasjon i Ørsta jobbar for å skape ei meir framtidsretta kommune.

ØRSTA: – Eg har vore ivrig om dette lenge. Så begynte eg å involvere Anne tidleg for å få ein samtalepartner og ein energi i tillegg, seier Per Atle Røe.

Han har saman med Anne Ellingsen, Gunnar Knutsen og Ingeborg Ellingvåg Knutsen, starta opp interesseorganisasjonen Bulyst Ørsta.

– Vi har tenkt å bygge en organisasjon, ikkje med betalande medlemmer, men med medlemmer som skal jobbe for omgrepet Bulyst i Ørsta, fortel Røe.

Dei jobbar for å skape ei kommune for framtida, der både unge og eldre kan leve tett saman. Dette skal vere både bærekraftig og inkluderande.

Utnytte arealet

Dei påpeikar blant anna at det er veldig mange eldre som bor aleine i einebustadar. Denne plassen vil dei utnytte betre.

– Det å frigjere bustadar er eit viktig element i dette, seier Anne Ellingsen.

– Vi vil også få eldre til å skjønne at å bo einsam på 100 kvadratmeter, ikkje er einsbetyande med stor lykke, fortel ho vidare.

Her er fortetting nøkkelordet. Der eldre og unge kan trivast og dele ei god framtid i sentra. Igjennom dette får ein fristilt ein bustad der det kan bo langt fleire. 

NYE TANKAR: Organisasjonen har ei målsetting om at fleire skal tenke nytt.

Involvere fleire

Bulyst er partipolitisk nøytral, men samfunnspolitisk engasjert. Dei ønsker å påverke både politikarar og innbyggarar til å tenke nytt.

– Det er ein målsetting at mange skal vere med i prosessen og vere med på ei utvikling. Kanskje tenke nye tankar rundt gode løysningar for Ørsta kommune, seier Ellingsen

– Vi har ikkje noko endeleg, så det er nok prosessane her som er målet vårt å skape, og å  involvere mange. Vi vil være med å forme, altså skape, legg Røe til.

Organisasjonen vil at politikarane skal tilpasse seg meir framtida, og få tilflytting til kommuna.

– Tilflyttarar til Ørsta krev også ein tettstad som fungerer veldig godt, som er interessant å bo i, seier Røe.

Dei er opne for å sjå på andre stadar, men i første omgang er det Ørsta kommune dei fokusera på.

– Vi har tre senter i Ørsta. Sjølvsagt det sentrale og motoren i samfunnet er Ørsta sentrum, men bygdene er også viktige. For å oppretthalde tenestane i desse utkantane, så er det også viktig å trygge gode tilbod også der, avsluttar Ellingsen.

Powered by Labrador CMS