MUSIKAL: Kven skulle trodd at Ivar Aasen nokon gong kom til å bli hovudperson i ein musikal?

Ivar Aasen i Broadway-format

Etter ein lang prosess, er ideen om ein Ivar Aasen-musikal blitt realisert. Søndag kjem musikalen til Ørsta.

Publisert Sist oppdatert

ØRSTA: – Av og til oppstår en idé som begge tenker kunne vere gøy, og så endar ein opp med å gjennomføre den.

Slik forklarer Nils Petter Mørland korleis han enda opp som regissør og manusforfattar for musikalen «Eg har ikkje ord». Korleis finn ein ut at ein skal laga musikal om nynorskens far?

REGISSØR: Til vanleg er Nils Petter Mørland basert i Oslo. Der er han blant annet ensamblemedlem på «Det Andre Teatret».

Tente på ideen

Teatersjef ved «Teatret Vårt», Kristian Lykkeslet Strømskag, har lenge ynskt å lage noko om Ivar Aasen.

– Eg hadde med meg ideen om å lage noko på Ivar Aasen allereie i intervjuprosessen, før eg blei teatersjef.

Sidan han vart teatersjef i 2019, har han leita etter det perfekte prosjektet der Aasen kan vere hovudperson.

Seint i 2023 tok Strømskag og Mørland til å diskutere eit potensielt Ivar Aasen–prosjekt.

– Eg huskar godt at Nils Petter (Mørland) tente veldig på ideen om ein Ivar Aasen-musikal.

– Blir annleis

Deretter starta ballen å rulle. «Eg har ikkje ord» hadde premiere 19. mars på Teatret Vårt i Molde.

Søndag kjem musikalen til Ørsta kulturhus. Teatersjef Strømskag meiner det å ha musikalen i Ørsta, der Ivar Aasen er fødd og oppvaksen, skaper ein spesiell ramme.

– Vi snakkar om Hovdebygda i musikalen, og det vil gi ei annan resonans når vi faktisk er der. Teater blir til i møte med publikum, så å møte publikum i Ørsta vil jo gi ei annleis framsyning.

TEATERSJEF: Kristian Lykkeslet Strømskag har vore teatersjef for Teatret Vårt sidan august 2019.

Teatret Vårt er regionteateret i Møre og Romsdal, og ligg i Molde. Som regionteater, har teateret turné–ansvar for fylket. Musikalen kjem innom blant andre Ørsta, Fosnavåg og Ulsteinvik. 

– Mykje mer rørande enn det ein skulle tru

Musikalen om Ivar Aasen blir ikkje reklamert for som ein tung, intellektuell, språkpolitisk musikal. Regissør Mørland fortel at dei har forsøkt å laga ein broadway-musikal om Aasen.

– Det er jo ein litt snål kombinasjon, men det har funka bra på prøveframsyningane. Folk både ler og grin, seier Mørland.

– Ivar Aasen er ein person ein kanskje forbinder med tørr norskundervisning på vidaregående. Ein fyr som samlar og systematiserer ord – det verkar jo ikkje akkurat kjempespennande!

Mørland forklarer at då han leste seg opp på Aasens personlege liv, skjønte han at det ligg ei god historie der.

– Livet hans er mykje mer rørande enn det ein skulle tru. Aasens liv byr på ei sterk og kul historie.

Musikalen følgjer Ivar Aasen si kjærleikshistorie tett.

– Ivar Aasen er ein ung, ambisiøs og ivrig mann, som forelskar seg ganske tidleg i livet. Kjærleikshistoria går kanskje ikkje som han hadde håpa, og den pregar han gjennom heile livet.

– Det vi viser i musikalen er ei kjærleiksfortelling, men som er vevd inn med den tida han levde i, med ein gryande nasjonalromantikk. Vi følgjer hans reise frå Hovdebygda som ung, og til han endar opp i Kristiania, der han døyr på slutten av 1800–talet.

Powered by Labrador CMS