
Internpraksis er over for denne gongen
I seks veker har 100 journalistikkstudentar reist Søre Sunnmøre rundt og dekt store og små saker på TV, Radio og Nett. No er praksisen ferdig for i vår.
VOLDA: I starten av mars starta internpraksisen i Nærnett (nettavis), Radio Volda og Nærsynet (TV) for 100 spente studentar. Redaksjonen har sidan den tid produsert 240 korte nyheitssendingar på radio, 48 radiosendingar, 24 TV-sendingar, og hundrevis av nettsaker. Vårens redaksjon har vore ein av dei største i Nærnetts historie.
Studentane er frå første og andre klasse på journalistikkbachelor, og dei har fått prøve seg på ulike journalistroller som reporterar, produsentar, sjefar, nyheitsopplesarar og programleiarar. Nokre av studentane har vore med å lage redaksjonelt innhald under Ski-VM i Trondheim.