
I rute før sesongopninga i OBOS
Etter opprykket til OBOS-ligaen i fjor, er Hødd på plass i Bærum for å møte storfavoritten Stabæk.
BÆRUM: Mandag kveld er det duka for sesongopninga i OBOS-ligaen, og Hødd møtar Stabæk på bortebane klokka 19. Stabæk er storfavoritt, og oddsen er 3,7 på Hødd. Det er med andre ord ein vanskeleg kamp å vinne, ifølge Norsk Tipping.
Høddtrenar, Marius Bøe, meinar derimot laget er godt førebudd:
- Vi har holdt på no i tre månadar og trena godt. Vi har prøvd og halde treninga så "normal" som mogleg. Slik som vi trena elles. Vi har foreredt oss på motstandaren vi skal møte, men likevel hatt fokus på oss sjølve. Det er det som er det viktigaste i fotballen og ha fokus på sitt eige lag og oss sjølv som lag. Det er som sagt for fyrste serierunda, så alle kjenner litt ekstra på det

OPPRYKK: Hødd rykka i fjor opp fra Postnord-ligaen
- Mange av guttane har aldri spelt i OBOS-ligaen før, så det er ein del som får sin debut i dag. Nokon kjenner nok meir på det enn andre. Vi rykka jo opp for ein grunn. Det betyr at vi var gode i fjor, så det handla om å bygge vidare på det vi gjorde bra i fjor, inn mot denne sesongen. Så skal vi vere tolmodige og tilpasse oss ligaen som ventar oss. Det er ein tøff liga, det er mange som spår at OBOS-ligaen er den tøffaste ligaen på mange år no, med mange gode lag. Vi skal vere oss sjølv, vi skal vere Hødd, vi skal gå ut og ikkje frykte noko.
Vi har ein klar måte og spele på. Vi har ein klar måte og forsvare oss på. Vi skal vere Hødd, ikkje nokon andre. Eg har ein god følelse. Spelarane er fokuserte og rolege. Det var mykje latter og moro på trening i går.
STEMNING PÅ STADION: Kampen spelast på Stabæk sin heimestadion, Nadderud. Bøe, frtel at her har han vore mange gonger:

- Det er ein stadion med atmosfære, med mykje trøkk på tribuna. Også det blir litt nytt for mange av gutta, men det er vi førebudd på. Det og ha kontroll på følalsar og energien. Det blir viktig for oss, å få ein ok start på kampen slik at vi ikkje blir stressa frå start. Mest av alt gleda oss til mykje liv på tribuna. Det ser vi berre fram til.
Trenaren har ikkje oversikt over kor mange Hødd fans, som har teke turen, men opplys at blant anna ordførar i Ulstein er venta.
- Mange fans, og nokre har familie i området, og ordføraren tar turen. Det synast vi er fantastisk at han kan kome og bidra. Forhåpentligvis ser vi mange på tribuna i blått i dag.
ER I RUTE: Rute er at vi har hatt tre månadar på oss til og forberede oss. Om vi ikkje er i rute i dag, har vi gjort ein dårleg jobb med oppkjøringa. Prestasjonsmessig trur eg vi er i rute, også gjenstår det å sjå om vi klarar og skape noko godt nok, til å slå eit sterkt Stabæk lag.