
No kan du studere religion og kultur på nett
Frå hausten av blir det mogleg å ta bachelorgrad i religion og kultur ved Høgskulen i Volda. Dekan ved avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Arne Myklebust, vonar nettstudiet vil hjelpe med å rekruttere nye studentar til høgskulen.
VOLDA: "Utdanninga er nettbasert og handlar om spørsmål og problemstillingar som er aktuelle i samfunn prega av religiøst og kulturelt mangfald".
Dette står i programskildringa av det nye bachelorprogrammet ved Høgskulen i Volda. Det er ein bachelor i religion og kultur det er snakk om. Og undervisninga vil gå føre seg på nett.
– Me vonar at eit nettstudium skal rekruttere betre. Me har hatt ein bachelor i religion, som me førebels har måtte leggje på is som eit campusstudium. Årsaka var for få søkjarar, fortel Myklebust.
Kan brukast til mykje

Studiet er allereie ferdig utvikla. No står det berre att å få på plass alt rundt.
– Studiet vil passe for folk som har interesse av å setje seg inn i feltet med religion og kultur. Dette er ein bachelor, så det er eit omfattande studium som du kan utvikle vidare i ulike retninger, fortel Myklebust.
Studiet kan passe for mange, ifølge dekanen. Han dreg fram at utdanninga kan vere aktuell for folk som vil jobbe med undervisning, eller i anna arbeid med folk som kjem frå forskjellige religionar eller kulturar.
– Dette med religions- og kulturforståing er viktig for mange forskjellige jobbar.
Oppstart på studiet er no i haust, og du søkje gjennom samordna opptak.