SKAL LAGE SERIE: Frank Tore Sekkeseter, Lasse Olsen og Werner Brandal i Sunnmøre Live, som skal stå for serien.

Historien om Hødd blir TV-serie

Ulsteinvik-klubben Hødd stormar mot opprykk, men det er ikkje berre på bana dei blå opplever store hendingar. No skal det nemleg lagast ein dokumentarserie om klubben.

Publisert Sist oppdatert

ULSTEINVIK: — Dette vert ein serie som handlar om historia til Hødd, kva klubben betyr for lokalsamfunnet, og om samspelet mellom klubben og næringslivet. Dette er noko både vi og klubben ser veldig fram til, fortel Werner Brandal frå Sunnmøre Live, som skal produsere serien.

Positiv respons

Brandal, som sjølv er frå Ulsteinvik, fortel at dei har fått mykje positiv respons på søknadane om støtte til å lage serien. 

— Vi har opplevd stor støtte og entusiasme for prosjektet, og så langt har dei vi har søkt midlar frå, reagert veldig godt, seier han.

Vi gler oss

STORT ANSVAR: Hødd fungerer både som toppklubb og har samfunnsansvar.

Dagleg leiar i Hødd, Jesper Törnqvist, synest det er kjekt at det skal lagast ein serie om klubben. 

— Vi gler oss til å få vere med på denne reisa med å lage dokumentaren. Det vert nytt for oss og spennande å sjå resultatet, når det kjem, seier han entusiastisk.

Hødd er ein stor klubb som har lag for både jenter og gutar i alle aldrar og på alle nivå. Törnqvist trur og håpar at serien vil vise korleis klubben satsar både som toppklubb og breiddeklubb samtidig.

— Nesten alle i Ulsteinvik har eit forhold til Hødd. 60-80 prosent av gutane og 40-50 prosent av jentene i området er innom fotballen frå dei startar i første klasse. Det gir klubben eit stort ansvar for å balansere mellom å vere ein toppklubb og breiddeklubb, seier Törnqvist og held fram:

 — Kanskje det viktigaste klubben gjer, om ein zoomar heilt ut, er å vere ein stabil samfunnsaktør. Toppfotball er eit verkemiddel for å oppnå dette, men det er også det som er mest synleg utad.

SJEF: Dagleg Leiar i Hødd, Jesper Törnqvist, fortel at han gler seg til å sjå produktet når det vert ferdig.

Vil at serien skal vise klubbens rollar

Hødd har oppnådd mykje i si over 100 år lange historie. Blåtrøyene har spelt i Eliteserien, delteke i Europaliga-kvalifisering og vunne NM. Dette er noko som serien vil ta føre seg, men leiaren håpar også at serien vil vise klubben si rolle som både topp og breiddeklubb. Dette er nemleg noko som er viktig for Ulsteinvik. 

Hødd har gått breitt ut og spurd lokale om kva dei ønskte at Hødd skulle vere, svaret har vore eintydig. 

— Det er heilt klart at Ulsteinvik ønskjer at Hødd skal vere både ein toppklubb og ein breiddeklubb. Det er vår jobb å forvalte dette på ein berekraftig måte slik at vi både økonomisk og sportsleg kan hevde oss i toppen, dette håpar vi serien vil gi eit innblikk i, seier Törnqvist.

Høddvoll Stadion: Her på Høddvoll har store ting skjedd tidlegare. No vert det dokumentarserie.
Powered by Labrador CMS