ADVOKAT: Forsvarer Erling Flisnes sin klient, ein mann i 40-åra, forklarer seg i dag

Hevda han planta til eigen bruk

På siste dag i rettssaka denne veka, skal ein av mennene i 40-åra og nordmannen i 40-åra forklare seg.

Publisert Sist oppdatert

ÅLESUND: Ein av mennene i 40-åra vil ikkje forklare seg, og difor vart politiforklaringa hans lest opp. Han har tidlegare erkjent delvis straffskuld. Noko som betyr at han erkjenner straffskuld for plantasjen, men ikkje at det var organisert kriminalitet. 

Dei tiltalte

Nordmann i 40-åra: Tiltalt for å ha leigd ut eigendommen trass i  at han hadde kjennskap til at eigedommen vart nytta som plantasje. Han erkjenner ikkje straffskuld. Forsvarar er Roy Peder Kulblik. 

Nordmann i 30-åra: Tiltalt for å ha tilrettelagt ved utleige, transportmiddel og straumforsyning. Han er også tiltalt for andre narkotikaforhald. Han seier seg delvis skuldig. Forsvarar er Oddvar Aarsæther. 

Mann i 30-åra: Tiltalt for medvirking av dyrking. Han skal ha handla inn varer til dyrking, leigd ein konteiner, overført pengar og gitt ordrar til dei som dyrka. Han erkjenner straffskuld. Forsvarar er Øyvind Bergøy Pedersen.

Mann i 40-åra: Tiltalt for sjølve dyrkinga. Han erkjenner delvis straffskuld. Forsvarar er Erling Flisnes.

Mann i 30-åra: Tiltalt for sjølve dyrkinga. Han erkjenner ikkje straffskuld. Forsvarar er Abdelilah Saeme.

Mann i 40-åra: Tiltalt for sjølve dyrkinga. Han vil ikkje ta stilling til spørmålet om straffskuld. Forsvarar er Gustav Berg.

I politiforklaringa seier han at det ikkje var nokon andre som kjente til plantasjen. Det var han som hadde drifta den åleine. Han meinte også at han berre dyrka til eige bruk.

Han seier seg likevel villig til å svare på spørsmål.

I vitneboksen blir han spurt om innblandinga til mann i 30-åra, tiltalt for medvirking. Då svarer mannen i 40-åra at han angrar på at han blanda inn den andre tiltalte.

Nordmann i 30-åra som ikkje møtte opp på tysdag, er framleis ikkje til stades. Difor held rettssak fram utan han.

Ønsker å forklare seg

Nordmannen i 40-åra, som er eigaren av huset, forklarar seg til retten. Han erkjenner ikkje straffskuld, og fortel at han ikkje visste noko om plantasjen.

– Gården min har blitt leigd ut, eg vart tatt på senga av heile greia. Eg kjenner ikkje til det, seier han i vitneboksen.

Han seier vidare at det var nordmannen i 30-åra som hadde ansvaret for utleige. 

Huseigaren forklarer også at han har vore innom gården nokre gongar, men han har ikkje oppfatta at det skjedde noko ulovleg der. 

Bakgrunn

Måndag starta rettsaka mot seks tiltalte i den omfattande narkotikasaka.

Politiet aksjonerte mot ein gard på Standal i Ørsta, januar i år. I låven fann dei ein cannabisplantasje. Fleire menn vart pågripne og sikta for å stå bak.

Politiet har beslaglagt omtrent 23 kilo cannabis, og stansa produksjonen av ytteligare 9,6 kilo, i følge tiltalane. Totalt skal politiet ha funne over 300 plantar på garden.

Éin av dei tiltalte erkjenner seg skuldig etter tiltalen. To av dei tiltalte sa seg delvis skuldig. Huseiger erkjenner seg ikkje skuldig etter tiltalen, saman med éin av dei andre tiltalte. Den siste tiltalte nekta å svare på spørsmål og nekta å forklare seg for retten.

Rettssaka held fram måndag, då er det vitneforklaringar.

Powered by Labrador CMS