Stemmelokale valglokale på Volda samfunnshus, forhåndstemmer kommunevalg fylkestingvalg
BLIR NYTT: Volda Samfunnshus skal bli ungdomsklubb.

Her kommer Voldas nye ungdomsklubb

I mange år har ungdommen i Volda ønska seg ei varig løysing for ungdomsklubb i bygda. No har kommunestyret vedteke at Volda Samfunnshus skal brukast til føremålet.

Publisert

Saka om etablering av ungdomsklubb i Volda har vore på dagsordenen i mange år. Tidlegare har ungdommen til bygda kunne nytta den mellombelse ungdomsklubben på Hamna i regi av Ung i Volda to gongar i veka.

I 2021 vart det gjort eit val om å satse på ei løysing i Samfunnshuset. No er det fatta eit endeleg vedtak med ei øvre investeringsramme på 47,5 millionar kroner.

- Det skal vere plass til alle uansett kulturell, etnisk eller sosial bakgrunn. Tilbodet skal vere ein trygg stad, føreseieleg med tanke på opningstider og kven dei kan finne av vaksne på jobb, skriv kommunestyret i vedtaket sitt om saka.

Ny planløysing

Den nye ungdomsklubben vil få tilgang til første etasje, og "mellometasjen" i samfunnshuset.

I det alternativet kommunen no har vedteke skal det byggjast nytt kinoområde med eigen kinoboks, kiosk og loungeområde. Det er også ønskjeleg å nytte det som i dag er scene bak kinolerretet som eit rom for dans, teater og musikk for ungdommen.

Dagens kommunestyresal skal oppgraderast slik at det kan brukast som festsal og seremonirom.

Aktiv målsetjing

Kommunen har lenge hatt ei målsetjing om å ha trygge barn og unge som "deltek, meistrar og lærer", og vurderer ungdomsklubben som eit svært viktig ledd i målsetjinga.

Målet med prosjektet, etter samtalar med ungdommern i bygda, er mellom anna å førebyggje utanforskap og å sikre eit tilbod for den uorganiserte ungdommen. Ungdommane vil sjølv få høve til å utforme lokala, og gjere dei til sine eigne. Det er også planlagt eit fleksibelt uteområde, som kan brukast til aktivitet og sosialt samvær.

- For ungdomsklubben er det viktig å ha fokus på aktivitetar som har låg terskel, men som er viktige for å førebyggje mobbing, utanforskap, negativ psykisk helse og rus, heiter det i vedtaket.

Powered by Labrador CMS