NYTT: Gruppa har laga eit langhus frå botn av.

Har lagt ned 16 000 dugnadstimer

I sju år har dei hatt ein draum om å bygge eit langhus i Hjørungavåg. Snart er prosjektet realisert, med offisiell opning 31. mai.

Publisert Sist oppdatert

HAREID: – Det starta i 2018 med to galningar, og i dag er vi over 30 som bidreg, kan Ronny Nipen fortelje.

Nipen er styreleiar i stiftinga Hodr – Hjørungavåg Vikingsete. Det er dei som har reist langhuset innerst i Liavågaen i Hjørungavåg.

Nipen er sjølv tømrar av yrke, men til og med for erfarne tømrarar har prosjektet vore krevjande.

IVRIG: Eldsjela Ronny er godt plassert i høvdingsetet.

 – Det å reise ytterkonstruksjonen gjekk lett, men det var meir krevjande å ta fatt på arbeidet innomhus, seier Nipen.

Dei har blant anna delt inn langhuset i fleire rom, laga til hemsar, men også pynta med treutskjeringar.

– For det meste er vi sjølvlærde, men på nokre områder har vi ikkje hatt nok kunnskap, og da har vi fått hjelp av ekspertar. Vi har fått hjelp med treskjeringane blant anna, kan Nipen fortelje.

Stolte tradisjonar

Det er ikkje ei tilfeldigheit at langhuset er reist der det er reist. Slaget ved Hjørungavåg skal ha funne stad like i nærleiken. 

Slaget ved Hjørungavåg

Slaget ved Hjørungavåg fant truleg sted i år 986.

Det var eit danskleda åtak på det norske styret til Håkon Sigurdson Jarl. Håkon Jarl hadde styrt Noreg på vegne av danskekongen Harald Blåtann, men danskekongen var ikkje lenger fornøgd med jarlen.

Opp mot 300 skip deltok i slaget. Slaget kan ha vore eit av dei aller største sjøslaga i vikingtida.

Etter slaget vart det norske riksstyret sikra for ein tid. 

– Ein kan knapt tenkja seg meir historisk grunn en dette, fortel Frode Bakke, samtidig som han finner fram eit eksemplar av Heimskringla.

GAMALT: Ein kopi av Baldisholteppet. Det eldste teppet i Norden.

Bakken er også ein av bidragsytarane i arbeidet med langhuset. Han kan vise til at slaget ved Hjørungavåg er nemnt i Snorre Sturlason si soge.

– Vi ynskjer å vidareformidle historia til komande generasjonar. I dag er det berre eit monument over slaget, men med dette bygget kan vi kanskje gjere historia litt meir levande, seier Bakke.

– Samtidig er vi ikkje berre opptekne av å formidle historia om slaget. Vel så viktig for oss er det å formidle gamle handverkstradisjonar, legg styreleiar Nipen til.

Langhuset er lafta med tømmer frå skog frå Hareid. Dugnadsgjengen har gjort så mykje som mogleg på gamlemåten. Dei har blant anna tilverka alt tømmeret sjølv, for å sikre at tømmer-emna blei akkurat slik dei ynskte seg.

ENGASJERT: Ronny og Frode er stolte over arbeidde gruppa har lagt ned.

Berre starten

Stiftinga har kome ein lang veg sidan starten i 2018. Den 31. mai er det duka for offisiell opning av langhuset. Men dei seier seg ikkje ferdige med prosjektet av den grunn.

 – Om vi tenker oss eit tiårsperspektiv ønskjer vi oss eit levande tun, seier Nipen.

Både Nipen og Bakke er einige om at dei ser føre seg eit levande uteområde, med turløyper, naust og kanskje også nokre geiter.

 – Vi har tenkt at dette området skal være til glede for alle, påpeikar Bakke.

Dei to karane frå stiftinga er einige om at langhuset dei har reist kan brukast til mange føremål.

– Her i langhuset kan ein arrangere alt frå dåpsfest til gravferd, spøkar Bakke.

Dei er heller ikkje framande for å opne for turistar etterkvart.

 – So lenge vi bestemmer kor mange, og når turistane kan være her ynskjer vi oss turistar på besøk også, seier dei to karane, som ikkje vil la seg rive med av det kommersielle. 

Powered by Labrador CMS