
Handballaget inntar sveler for å auke evna til å halde ut: – Erstattar fem om dagen
I ei tid der idrettsutøvarar er på jakt etter dei minste forbetringar for å heve prestasjonen, har ein ny trend begynt å få fotfeste – bikarbonat.

VOLDA: Bikarbonat er det same som natron. Det blir mest brukt til deilig bakst, men har nyleg blitt oppdaga som eit mogleg middel for å auke uthaldenheita.
Handballdamene i Volda har tatt trenden eit steg vidare, ved å ete store mengder med sveler før, under og etter trening.
– Sveler er blitt ein viktig del av treningsrutinene våre. Berre i dag har eg ete sju, seier Mie Blegen Stensrud.
Laget fortel at etter nokon raske Google-søk frå trenar Reidar Møistad fant han ut at sveler inneheld natron, altså bikarbonat – eit stoff som i teorien kan motvirke melkesyre.
Bikarbonat er allereie etablert som kosttilskot i langrenn og friidrett.
Møistad fortel at det tok ikkje lang tid før alle spelarane var på ein streng svelediett.

– Laget har gått fra å spele maksimalt i ein halv kamp, til å presse ut heile 60 minutt med intens innsats. Det er den perfekte kombinasjonen, seier han.
80 prosent svele
Dana Bjørg Gudmundsdottir seier ho var skeptisk i starten ettersom at ho ikkje var vandt til å ete så mykje sveler. Ho kunne derimot aldri gått tilbake til vanleg idrettskosthald.


– Eg trudde ikkje på det fyrst, men etter det store sveleinntaket, er eg raskare, sterkare, og kastar hardare nokonsinne. Kroppen min er 80 prosent svele no, seier ho.
Møistad seier det styrkar samhaldet og vinnarviljen i laget å samlast rundt svela.
– Det erstattar fem om dagen, og vi praktiserer fire om dagen pluss ei svele, legg han til.
Ikkje alle er like begeistra

Sjølv om det har hatt mange positive effektar å ete svele, kan det bli litt mykje av det gode. Fleire spelarar innrømmer at dei slit med å få svelene ned utan å brekke seg.
– I starten var det kjekt, men no? Eg klarar knapt å sjå ein svele utan å grøsse. Dersom eg må ete ein til, sluttar eg med handball, seier Margit Andrea Lidal.
Keeperen Aud Ingrid Silseth fortel at sveledietten har begynt å påverke andre deler av kvardagen.
– Eg drøymer om svele på natta. Ikkje på ein god måte. Eg våknar og kaldsvettar og høyrer laget rope «ein til, for uthaldenheita!», seier Silseth.
Vi har ikkje lukkast med å få tak i Antidoping Norge om dette kan kome på dopinglista.