ØVINGAR I GANG: Ungdomskuleelevane i Volda dansar og øver til morgondagen.

Skal framføre for over 1500 tilskodarar

Elevane har starta førebuingane, og er snart klare for deira heilt eige Grand Prix i Volda Campus Arena.

Publisert

VOLDA: Torsdag går Volda ungdomsskule sitt årlege Grand Prix-arrangement av stabelen. På mandag starta øvingane, og MGP-general og lærar Klaus Blø er spent, men har trua.

– Det er framleis ein del som skal på plass, men elevane er flinke og vi klarar å kome i mål til torsdag, seier en håpefull Blø.

Får pusha grenser

Heilt sidan 2001 har skulen sett opp dette Grand Prix-showet, men måtte ty til alternative løysingar i 2020 og 2021, som følgje av koronapandemien. I 2022 gjekk arrangemanget som normalt, og no er dei glade for å kunne invitere til fullt hus i Volda Campus Arena på nytt.

SPENT: Klaus Blø er spent, men har trua på elevane.

– Å arrangere Grand Prix har hatt ein enorm gevinst for skulemiljøet, og vi er utruleg heldige som får moglegheita til å gjere dette årleg. Dei to åra som mangla har vi merka godt, og det vart behov for noko som kunne sveise saman gjengen, understreker Klaus.

Han utdjupar kring det sosiale behovet, og fortel at det er viktig for elevane med den menneskelege kontakta, spesielt for dei som slit på skulen. I tillegg meiner han det er bra at elevane får utfordre seg sjølve.

– Fleire av dei som er med har aldri stått på ei scene før, og nokre kvir seg for å stå foran over 1500 tilskodarar i salen. Det er likevel fint at elevane får utfordre seg og pushe grensene sine på denne måten, påpeiker MGP-generalen.

– Det blir mykje bra innslag

Mia Eid Mucocori (15 år) og Marius Liaskar Bjerkvik (16) er med på førestillinga, og gler seg til å stå på scena saman med klassa si.

NERVENE I SJAKK: Mia og Marius er ikkje nervøse før torsdag og gler seg.

Hva er det beste med Grand Prix?

– Det er å sjå dei ulike personlegdomane i klassa, og kanskje vinne!

Både Mia og Marius var nemleg med i fjor, og stakk av med sigeren. Dei er ikkje nervøse før torsdag, og tror det kjem til å bli morosamt å stå på scena.

– Publikum kan forvente seg mange bra innslag, god stemning og mykje humor, konstaterer dei to elevane.

Powered by Labrador CMS