SKYTING: I kjellaren ved Ørsta kulturhus kan alle treffe blink.

Fritidstilbod for alle: – Det er eit veldig inkluderande miljø

I Ørsta samlast både unge og gamle rundt skyting som aktivitet. 

Publisert Sist oppdatert

ØRSTA: – Eg har mange venner som lika å skyte, og eg begynte her fordi eg også synest det var kjekt, seier Ivar Sætre Vatne.

Han har gått på skyting i to år, og i dag har han fått med seg kompisen sin, Elias Akselen Nybø.

Begge er 10 år. Mens Vatne har vore med nokon år, er dette Nybø sin første gong.

BESTEVENNAR: Ivar Sætre Vatne(t.h) har fått med seg bestevennen sin, Elias Akselen Nybø på trening.

Dette ga meirsmak for nybegynnaren.

– Eg synest det gjekk bra, utbryt han og viser fram at han traff midt i blinken.

Begge to har vore med på andre fritidsaktivitetar før, men no er det skytinga som gjelder. Dei har lyst til å begynne å jakte og konkurrere.

For alle

I samband med bygging av ny vidaregåande skule og kulturhus, er det førebelse planar om å rive skyttarlaget sine lokaler i dagens kulturhus.

Skyttarlaget fekk 3 millionar frå kommuna til å finne eit nytt lokale dersom dagens lokaler forsvinn. 

– For meg har skytinga vore mykje med tanke på meistring. Det er noko som driver meg litt. I tillegg er det samhaldet som er her. Det er eit veldig inkluderande og godt miljø å vere i, seier Anita Lystad.

ENGASJERT: Anita Lystad har hatt ein kjærleik for skytesporten sidan ho var ung.

Ho har sjølv vore aktiv sidan ho var 10-12 år. No er ho også instruktør for dei yngste.

Lystad peikar på det inkluderande miljøet som veldig positivt med skytinga. Alle kan vere med.

– Det er ikkje nokon fysiske begrensingar, ein kan tilpasse det, seier Anita Lystad.

 Både unge og gamle kan vere med. Alder er ingen begrensing.

– No har vi faktisk ein som er 15 i år. Han skyter ved siden av oldefaren sin, som er i 80-åra. Det er artig, smiler ho.

Frivillighet

Frivilligheita er også alfa omega for skytterlaget. Her har ein ordningar der ein rullerar som foreldrevakt og instruktør.

Denne dagen var det Hege Leite og Elisabeth Myklebust som hadde foreldrevakt. Dei varta opp med både kaffe og vafler. Dei er sjølv foreldre, og har barn som skyter her.

FRIVILLIG ARBEID: Hege Leite lagar klar vafler til skyttarane.

– Hadde vi ikkje hatt dei frivillige, så hadde det ikkje vore noko drift i skytterlaget. Alt er dugnadsbasert og lystbasert, smiler Lystad.

Kent Riksheim kom inn i skyttarlaget då sonen hans begynte for ti år sidan, og har vore med sidan. Han synest også at dette er eit viktig tilbod.

– Eg har lyst til at det skal vere eit tilbod i Ørsta, som har med andre ting enn handball og fotball. Slik vi kan plukke tak i dei som ikkje har interesse for den biten. Og at vi kan skape eit miljø her, slik ein ikkje fell utanfor, seier Kent Riksheim.

GODT TILBOD: Kent Riksheim synest det er viktig med eit tilbod for alle.
Powered by Labrador CMS