KJEHOLMEN: Til høgre, sett mot Djupvika. Den raude streken viser ruta kor kalvane vart leidd til fjells

Frå Grønland til Gurskøya: ­– Han gjorde som han ville

Verdas første utsetjing av moskus fann stad på Gurskøya i Herøy og Sande kommune. Året dei forsvann er omdiskutert, men eit bilete kan endre heilt på historia. 

Publisert Sist oppdatert

Hadde ikkje folk vore så redde, så trur eg det hadde vore moskusar her enda.

GURSKØYA: Kjartan Haddal (75) har vakse opp på Gurskøya med historia om moskusane, som ein gong i tida har traska rundt på øya. Onkelen hans hadde skomakarverkstad, som saman med butikken på Aurvåglida var samlingsplassen i bygda.

LOKAL: – Moskusane si historie er spesiell, og dyret i seg sjølv er eit symbol på evna til å overleve, meiner Kjartan Haddal.

Der møttest dei gamle ishavsfangarane som fortalde om dei dramatiske historiene frå ein anna tid.

– Det var derfrå interessa for moskusane starta, fortel Haddal.

I barne- og ungdomsåra gjekk han mykje i fjella rundt på øya, for det var han som måtte sjå etter sauene i fjella.

­– Tankane var nok mange der eg fekk vandre midt i det som 20 år tidlegare var moskusen sitt rike. 

I lang tid har han prøvd å kartlegge historia rundt moskusane, og prøvd å finne svaret på eit vesentleg spørsmål; når vart moskusane borte?

En reise over Norskehavet

Historia byrjar i 1924 med seilfangaren «DS Sælbarden» frå Tjørvåg. Sommeren 1924 var Herøy-skuta med skipparen Ingebrigt Follestad, på selfangst i Grønnlandsstredet, også kjend som Danskestredet. 

Dette var kun ein av fleire reiser til Grønland Follestad og dei andre ishavsfangare dro på for å fange dyra.

DS SÆLBARDEN: Herøy-skuta var mange turar i Vesterisen og Kvitsjøen, og det var nettopp i Kvitsjøen at den forliste 4. april 1927 med nesten 3000 sel ombord.

­– I mitt minne var det ein enkel bygdeversjon av soga om fanging og utsetting. Den enklaste versjonen var at Lisjenes-karane reiste på Ishavet, og i tillegg til sel kom dei tilbake med isbjørnungar og moskuskalvar. 

­– Kalvane vart slepte på Gurskøya.

På fjordens sørside, Hudson Land, fanga dei 12 moskuskalvar. Ein av kalvane overlevde ikkje reisa heim, derfor blei dei 11 moskuskalvane sleppt på Kiholmen ved Kjellsund i påvente av sal til utlandet.

–  Tidligare så kom prisen opp i eit par hundre tusen kroner på ein kalv, etter dagens krone, forklarer Kjartan.

Salget gjekk trått, og difor vart dei berre sett ut. 

Mannen bak det heile

Erik Svendsen blir omtalt som mannen bak utsettingja på Gurskøya. Han hadde ein draum om å føre moskus tilbake til norsk natur og var ein ordentleg friluftstype, ifølgje Kjartan. 

FAMILIEN SVENDSEN: Her er heile familien samla for eit bilete i 1926. Erik Svendsen er mannen til venstre bakerst.

– Han gjorde som han ville. Eg trur ikkje han tok eit nei for eit nei. 

Vidare dreiv han grossisstverksemda "Grosserer Enok Svendsen" saman med faren. Dei drev butikk i Kjeldsund, seier Kjartan. 

Dei hadde også verksemda på Flåvær, i Fosnavåg, Sævikane, Dragsund og Ålesund.

Erik Svendsen fekk i utgangspunktet solgt kalvane til USA. Dei kom likevel ikkje lenger i forhandlingane, då Svendsen rauk uklar med mannen som skulle transportere dei. Difor tok han kalvane sjølv og frakta dei til Kjeholmen ved Kjeldsund.

På Kjeldsund hadde det tidligare budd folk som ikkje hadde den same kunnskapen som vi har i dag om moskusane. Då vart dei slept laus, og frå 1924 gjekk det moskus på Gurskøya.

Polarinstituttet meiner at moskusane døydde mellom 1927 og 1929.

– Det tvilte eg veldig på, fortell Kjartan.

– Etter observasjonar så kunne det faktisk ha vore ein flokk moskusar omkring 1930. 

Men Kjartan har ingen konkrete bevis. 

Nytt bilete, nye spørsmål

Så kjem Kjartan Haddal over dette bilete:

Vanskeleg å tidfeste: Dette bilete er antakeligvis tatt mellom Sollida og Kjerringvatnet.

Det er fleire ting på bilete han stussar over. For det første er bilete av ganske mykje betre kvalitet enn kva som var vanleg på den tida. For det andre ser det ut som mannen i bakgrunnen har på seg ei skjorte i flanell. Det var ikkje vanleg allemannseige før rundt 1950-talet. 

Det er berre synsing frå mi side, men eg kan si meg ganske sikker på at moskusar levde lenger enn det Polarinstituttet har fastsett. 

Ein hysj-hysj-kultur

For Kjartan har det vore mykje arbeid i å fastsette alle datoar og få høyre fleire historier om dyra. Det har ikkje alltid vore like enkelt. 

– Desse gamle fangstmenna hadde nok ikkje særleg lyst til å gjenopplive historiene. Det var ofte vanskeleg å få noko konkret. 

I tillegg har det i alle år gått skuldingar om krypskyting. Haddal er klar på at han jaktar historia, ikkje personar. Men eit svar fekk han då han prata med Nils Leirvik, ein gamal fangstmann.

– Eg spurde; kvar vart moskusane av? Då smatta han på pipa og smilte han lurt og sa det slik: 30-åra var harde tider, og mange sleit med å ha nok mat på bordet, og øya var fulle av fangstfolk. Då har du vel svaret? 

Eit svar får han nok aldri, og det er sluttdatoen for akkurat når moskusane døydde ut på Gurskøya. 

Høyr kva Kjartan har å seie om moskusane:

Powered by Labrador CMS