
Frå bygda til beats: rappens gjennombrot
«Norsk hip-hop er ikkje død den vart født ut i Hovden, i mellom Ørsta og Volda» rapper Emil Lewe frå Louilexus.
– Då vi starta, vaks vi opp med å høyre på Sunnmøre Baarelag. Dei viste oss at det går an å rappe på vår dialekt og språk. Eg forsto referansene når dei sang om Berknes og å vere på Esso i helgene. Eg kjente til plassane og det dei sang om. Eg trur vi har blitt til det same berre for den nye generasjonen med rappere i dag, seier Runar Gudnason (53) , frontfigur i Sidebrok.
Kvifor er det så viktig for dykk å rappe på dialekt?
– Det er einaste måten ein kan gjere det på. Rap er alltid på dialekt. Rap skiljer seg ut fordi det er ein muntleg uttrykksform, ein må bruke språket ein brukar til dagleg. Det er fundamentet i rap, du rappar om deg sjølv og kva du gjer.
– Det er ein tradisjon i hip-hop å rappe om kor mykje betre heimplassen din er enn andre sin.

Nøkkelen til å lykkast
Gudnason trur at utfordringa er den same for alle musikarar, å lage noko som er bra nok til at folk høyrer på det. Han fortel at det er mange ulike måtar å knekke den koden.
– Mange unge i dag får høyre at viss ein berre jobbar hardt nok så vil det løyse seg, men det er ein ganske stor og skummel løgn synes eg.
Om ein berre kunne jobba hardt for å lukkast, hadde alle lukkast. Ein må ha talent, og gjerne litt flaks. Har du talent og er villig til å jobbe hardt, med tilfeldighetene på di side, så kan du nå veldig langt, fortel Gudnason.
– Eg har stor tru på at ein er nødt til å ha det kjekt. Det må vere noko du har lyst å fortelje. Om det handlar om deg sjølv og kor du er frå, eller kor teknisk god du er til å rime. Det kan vere forskjellig. Så må du ha det kjekt og leike med det, fortel Gudnason.
Vidare har han lagt merke til at rap-miljøet er i vekst på Søre Sunnmøre. Det er han svært glad for, og fortel at han prøver å følgje med på dei.
Fleire av dei unge rapperene i på Søre Sunnmøre har Runar Gudnason som førebilete. Desse har vi snakka med.

ØYEHAUG

August Øyehaug Sellevold er 23 år og har vakse opp i Nesodden. Han har drive med rap siden ungdomsskulen. Til tross for at han har vakse opp på Nesodden, kjenner han på ei sterk tilknyting til Ørsta. Han har familie der i frå, og har vore på besøk hos besteforeldra kvar sommar sida han var liten. Dei sterke røtene har gjort at han både prater og rappar på dialekt. Sidan 2019 har han gitt ut musikk under namnet Øyehaug. Alt er på "ørsting".
– Musikken betyr veldig mykje for meg. Eg høyrer på musikk heile tida. Hip-hop og rap har alltid vore kjerna mi. Det gir meg mest.
I musikken rappar han om seg sjølv og livet sitt. Det han trenger å få utløp for og bearbeide, pakkar han inn og gjer om til rap.
– Eg tek det både som terapi og som lykke. Det er ei evig kjelde til heile kjensleregisteret.
Planen har aldri har vert å slå gjennom som artist. Det er heller ein stor lidenskap og noko han tenker på heile tida, fortel Sellevold.
– Målet er ikkje å bli oppdaga eller få mange streams. Verdien ligg i å treffe nokon, uansett om det berre er eitt menneske. Sånt betyr veldig mykje.
Handla om å fronte kultur, ikkje gjere det stort.

– På reisa har eg lært meir om meg sjølv, kva eg likar å lage og kva eg er komfortabel med å rappe om i sangane mine. Eg streber alltid etter å lage musikk eg sjølv er fornøgd med.
Vegen Vidare
Etter fleire år i rap-miljøet har Sellevold fått nye vener som deler same lidenskap. Det er eitt vennskap som har blitt til noko heilt spesielt.
– Rapduoen Louilexus var dei første frå Ørsta/Volda som eg fekk nyss av. Det å høyre dialekt på den måten, i ny produksjon og ny drakt har vert veldig viktig for å stå i dialekt rap-universet som eg gjer.
Saman har han og Emil Holmberg Lewe frå Louilexus laga albumet HELSE, MILJØ OG TRYGGLEIK.
– Albumet Helse, miljø og tryggleik er ein god oppsummering av kor eg har kome no. Det er mykje hyggelige toner, og eg er litt tøffare. Eg er ikkje så tøff til vanleg, men kan finne på å vere det i songar. Den siste songen «Du» er noko av det mørkare eg har skreve, sjølv om det elles er eit veldig «glad»-album.

No held han på med sitt mest eksperimentelle album og har full kreativ fridom, noko han set pris på.
– Eg blir veldig glad når eg får gode tilbakemeldingar på albumene eg laga. Så er draumen å få spele på fleire konsertar og bli betre på det, avsluttar han.

LOUILEXUS
Louilexus er ein hip-hop duo frå Volda, med kompisane Emil Holmberg Lewe (28) og Alexander Myrene (28). Dei vart kjend gjennom Volda skulekorps i 7. og 8.klasse. Men det var ikkje før førsteklasse på vidaregåande skule at dei verkeleg starta å eksperimentere med musikken. Emil skreiv rap medan Alexander produserte musikken. I dag er dei 28 år og held fortsatt på med det dei likar best.
– Det var ikkje seriøst i starten, samstundes som det eigentleg var dødsseriøst, fortel Lewe.
– Du kan sjå på Emil som den kunstneriske sjela, og eg den administrative. Eg laga beats, spela inn, miksa, mastra, sende inn til Spotify og tek imot betaling frå konsertane. Når vi spelar live, står eg alltid bak spakane som DJ og spela tracks, fortel Myrene.
Livsviktig

Lewe brukar musikken til å presentere enkelte tema, følelsar og atmosfærer som elles kan vere vanskeleg å skrive om med ord.
– Den har på ein måte gjort meg til den eg er i dag. I rap-tekster, så lærar man seg ein del om seg sjølv, og set ord på ting. Når ein set ord på ting vert det tydlegare korleis ein ser seg sjølv, eller korleis ein ser på verda. Det er ein veldig fin måte å reflektere på, fortel Lewe.
Lewe finn ro i musikken. Han trur at fleire kunstnarar kan kjenne på den kjensla at "dette er noko ein berre må gjere",for sin eigen del.
– Eg treng ikkje noko grunn til å lage musikk. For meg føles det berre meiningsfullt ut. Kanskje eg hadde funne ein anna måte å uttrykke meg på utan musikk. Men for meg er musikken livsviktig.
Volda i hjartet
Det er tydeleg at kompisane er stolt over heimplassen sin, og at Volda har vore med på å forme musikken og rap-tekstane til Louilexus.
– Volda har på ein måte hatt alt å sei for tematikken, språket, ordvala og referanser vi har. Musikken min er forma av oppveksten min her. Det utviklar seg ein stil frå ulike plassar. Det har hatt mykje å seie, fortel Lewe.
– Shoutout til min vidunderlige musikklærar frå Volda, Alexander Minkov, som utfordra meg på mange forskjellige sjangrar - og dirigentane og instruktørane i Volda Skulekorps. Det resulterte i at eg endte opp i Hans Majestet Kongens musikkorps, så det var litt stort. Runar Gudnason frå Side brok la også merke til musikken vi laga då vi starta med hiphop, og har alltid delt og gitt oss skryt, uavhengig av kor bra musikken var, fortel Myrene.
Kvalitet over kvantitet
Myrene skriv det som at båten går litt sakte om dagen, men trur på ingen måte Louilexus har nådd toppen enda.
– Eg føler vi starta veldig hardt med Noregs-turné saman med Kjartan Lauritzen. Vi var også ute å reiste mykje åra etterpå for ein slikk og ingenting. Etterkvart når vi begynte å studere, fokuserte vi meir på å få opp kvalitet og litt lågare kvantitet. Musikken vi gir ut idag har vi brukt mykje tid på. Sjølv om vi spelar færre konsertar får vi mykje betre hyre.

Aasland

Skriver nye bars mens eg les dagens Ivar, likevel så er ingen morgondagens Ivar
Åsmund Hovland (22) frå Ørsta gav ut sin første singel i 2024 på Spotify, Dagens Ivar. Han fortel at barndomsvennen August Øyehaug Sellevold har vore sentral i at han sjølv starta med hip-hop. Men det verkelege vendepunktet var i 2019.
Hausten 2019 arrangerte Runar Gudnason eit hip-hop-kurs for ungdom. Det var ein grunnleggande intro, der dei fekk lage eigne tekster og spele dei inn. Men for Hovland var det mykje meir enn berre eit kurs. Han omtaltar det som å kome over ei stor kneik. Dette var starten på det heile.
– Hip Hop-kurset var ein aha-oppleving for meg.
Hovland beskriv Gudnason som ein slags guru. Eit stort idol. Til tross for dei forskjellige måtane dei formidlar musikken sin på, påpeikar Hovland at Gudnason prova at det var mogleg med hip-hop på bygda óg.
Identitet og autentisitet
Det er noko evig kult med å kunne rappe med lokale referanser og lage hip-hop frå plassen du er frå.
Hovland beskriv hip-hop og rap som ein svært sjølvopptatt musikksjanger. For han er det viktig å vise sin identitet og vere personleg i musikken.
– Eg tek det litt for gitt at eg rapper på dialekt. Fleire rappere i Noreg rapper på engelsk. For meg vert det for upersonleg og uærleg. Det handlar om autentisitet.
No held Hovland på med sin første EP. EP er ei slags novelle samanlikna med eit album som er meir ein roman, forklarar han. Det er tenkt fem til seks sangar på EP-en, kor lang tid det vil ta, er han usikker på. Han håper på å få laga eit eller to album innan dei neste fem åra. Han fortel at han har laga langt fleire sangar enn det som ligg ute.

– Eg har erfart at eg skriv best og mest når eg møter motstand i livet. Det er litt terapi i det. Det beste eg har skreve er det mest personlege. Men det gjer også at det sit lenger inne å legge det ut.
Bygdedyret
For nokre veker sida varma Aasland og Øyehaug opp saman for Gjenfødt Kultur under Veka i Volda. Han fortel om ei kjensle av fellesskap blant rapparane i bygda.
– Det var eit augeblikk der eg forsto at dette faktisk er ein ting no. Det er noko som skjer i hip-hop-miljøet her, og eg kjenner eit samhald med dei andre som driv med det her. Litt som Sidebrok syng;
For ingen forste hip hop frå Hovdebygda
Likevel kan det by på andre utfordringar når ein kjem frå ein liten plass og har ein hobby anna enn det "vanlege".
– Bygdedyret, er noko som finst på små plassar. Det å gjere noko nytt og unikt skal meir til. Den same forventninga kjenner ein kanskje ikkje like mykje på i dei større byane. Det stoppar ikkje oss på bygda, men det er ei grense på kor mykje miljø det er plass til.
Framleis er han motivert og håpar fleire unge vil få opp auga for at ein kan drive med rap på bygda også.
–Eg er veldig optimistisk til hip pop-miljøet som er i vekst no, og det er verkeleg den store draumen, at unge forstår at rap kan eksistere på bygda også.
Rappo
Emmanuel Bossongo (24) var fem år då han kom frå Kinshasa i Kongo til Ørsta. Med kongolesiske rytmer og ørsting.dialekt, skiljer musikken hans seg tydeleg ut.
– Eg vert eit unikum

Rappo var 12 år då han starta å skrive rap. Han vart inspirert av amerikanske rappere, og særleg rap-legenda 50cent. Likevel var det noko som mangla. Han ville rappe om sin plass og der han vaks opp, Ørsta.
– Det starta med at eg ville imponere gutta. Vi sat ein gutegjeng og "viba" i studio i kjelleren til ein kompis. Plutseleg hadde vi laga 21 sangar. Då så vi på kvarandre og sa «dette må Noreg høyre».
Bossongo fortel at dei saman skapa ein eigen "vibe" som dei vil presentere i eit album han slepp i juni.
Fram til i dag har han sluppet fleire singler og laga sanger med blant anna Øyehaug og Louilexus. Den nyeste singelen heiter "Ingen snakk". Musikkvideoen er spelt inn i Volda.
Heile bygda vil sjå kva vi har å by på
Det skjer ting i bygda
Reisa har hatt oppturar og nedturar, men dei siste åra har det gått den rette vegen for Bossongo. Han har fått fleire gode tilbakemeldinger og fått vere med å varme opp på mange av Gjenfødt Kultur sine store konsertar saman med Øyehaug og Aasland.
– Det er deilig å få den annerkjenninga og sjå publikum, folk har begynt å hugse namnet mitt.
– Målet er å bli ein av Noregs største.
Bossongo har stor tru på at både han og andre rappere på Søre Sunnmøre vil vakse og bli anerkjente rappere i Noreg.
– Eg har ein følelse på at det kan skje snart, det kjem med tida. Eg føler at alle vi som rapper i Ørsta og Volda er på ein god veg. Eg har trua. Folk vil skjønne det at det skjer ting i bygda, avsluttar han.
