FAMILIE FØRST: Janne Moe(F.V.), Elias Moe og Thomas Moe

Frå 500 til 1 - familien som vidarefører arven

Midt i Volda sentrum finn ein den siste bygdemølla i Noreg. Drifta av denne er det éin familie som står for.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: – Vi er litt stolte av å klare å halde på denne mølla såpass lenge, mot alle odds eigentleg, fortel Elias Moe. 

Hans kjærleik for den 87 år gamle mølla, starta for godt over 30 år sidan.

Volda Elektiske Mylne AS

Dette er ei 87 år gamal mølle med sjeldant utstyr (norskproduserte steinmøller, platetørke, valsestol) frå tidleg på 1900-talet. 

Den gongen var det over 500 slike bygdemøller, men i dag er dette den siste att som framleis driv kommersiell matmjølproduksjon av havre, bygg, rug, kveite, spelt , emmer og erter, samt fint mjøl av selje og chaga som kosttilskot. 

Mottok Olavsrosa og Årets råvare frå Land for havregryn i 2008. Kom med i det internasjonale Èconomuseè-nettverket i 2017 (Handlaga). Sel mjølet lokalt i eigen butikk (Sunkost Volda).

Kjelde: hanen.no

– Eg starta i Felleskjøpet i Kristiansand. Så blei eg "headhunta" til Ålesund og til Møre Felleskjøp. Det var dei som eigde denne mølla her. Så slik kom eg inn her, seier Moe.

Då fekk eg sett slike møller for første gong. 

– Eg har sett mange slags typer kverner, valsar og maleutstyr, men ikkje akkurat dette. Eg vart nyskjerrig på kva desse var gode for. Stillinga som disponent her vart ledig, og eg søkte og fekk ho, fortel han vidare.

På starten av 2000-talet kjøpte Moe mølla frå Felleskjøpet. Dei ville leggje ned drifta, men det nekta Moe å gå med på. 

–  Det var snakk om å selje mølla til høgstbydande, og hive ut alt det gamle. Få det vekk. Det vart eit frykteleg rabalder, minnast Elias.

Han møtte motstand på vegen, men nekta å gi seg.

– Viktige personar og økonomifolk sa at "du har ikkje sjans, du kan berre gi opp med ein gong". Då blir ein enda meir gira. Det er over 20 år sidan, så tida går, fortsett han.

Frå draum til familiebedrift

Dei seinare åra har både sonen Thomas og dottera Janne involvert seg i det som har blitt ei familiebedrift.

Thomas starta som møllar i 2016, og har raskt tileigna seg mykje kunnskap.

– Ingen kan så mykje som Thomas, skyter Moe senior inn.

Thomas har vore litt i mølla som ungdom, men er utdanna tømrar. Så fekk han eit jobbtilbod.

– Det passa utruleg bra. Eg fekk barn på den tida, så i staden for å jobbe langt unna og snekre på hus, så er det litt greitt å ha ein stasjon her i nærområdet, fortel Thomas.

Han seier at han ikkje har følt noko press for å vidareføre arven frå faren.

– Vi starta fordi det er eit ganske unikt konseptet her. Så har vi egentlig fått ei stor interesse for det, seier han.

Han er ikkje i tvil om vegen vidare.

– Det er ein liten draum å få det til å vekse litt og få fleire folk i arbeid her på sikt, legg Thomas til.

INTERESSE: Familien Moe har alle fått ein stor interesse for mølledrifta.

Innovative løysingar

Janne ville også bidra til møllesatsinga. Ho gjekk i ei litt anna retning enn far og bror, og starta ein helsekostbutikk i lokalet under mølla.

– Vi hadde tidlegare ein kafé her på huset. Eg jobba der i helgene. Det var det eg begynte med, seier Janne Moe.

Dei hadde store planar om å starte eit bakeri.

– Bakaren trekte seg, og då vart ikkje konseptet helt slik vi hadde tenkt. Så då valde vi å legge ned kaféen. Eg var 23 år, og lurte på kva i alle dager eg skulle finne på i livet, fortel ho.

BUTIKKEN: Mjølet frå mølla blir solgt i helsekostbutikken til Janne.

Janne var allereie godt etablert i bygda og kjende litt på ansvaret med å vidareføre mølla, og blåse liv i den.

Då tenkte eg, skal eg vere her, så må eg finne på noko som held hjula og interessa mi i gong.

– Eg tenke på kva eg var interessert i, -og det var jo mat. Eg er oppvaksen på gard, og har alltid vore interessert i mat, og korleis det påverkar kroppen, fortsett ho. 

Janne enda opp med å starte helsekostbutikken i 2014. Men plasseringa har fått ein del kritikk.

– Eg valde å plassere meg her. Alle sa det var en idiotisk idé med tanke på lokasjonen. Det var så langt vekk frå sentrumsgata, det var ikkje på eit kjøpesenter, så det hadde jo ingen drahjelp, seier ho. 

Lokasjonen var viktig for Janne, og ho var fast bestemt på å lukkast.

– Det var ganske viktig å ha lokalet akkurat her, for heile poenget var å kunne bidra til å få folk til å bli interessert i helsekost og norske, lokale produkter. Sjølv om det ikkje var ein marknad for det, så ville eg skape ein, fortel Janne.

– No blir butikken 10 år. Så eg har jo klart å halde ein liten helsekostbutikk i drift dei åra, legg ho til.

INNOVASJON: Det er ikkje berre mjøl mølla kan male.

Store framstegsplanar

– Trendar kjem og går, men mølla har vore her sidan 1930-talet, og ho går jo framleis, seier Janne.

Mølla har overlevd i 87 år, og lever framleis sitt beste liv. Elias starta å eksprimentere med møllene, og no har borna tatt arven vidare.

– Det var jo der desse produkta, eg kaller dei berre for "Jannes gardsprodukt", kom inn.

Familien Moe brukar mølla på nye måter. "Jannes gardsprodukt" er eit bevis på dette. Her maler familien blant anna chaga, som blir brukt i produkta.

No er dei klar for å utvikle seg meir og nå ut til fleire.

–  Vi er glad for at folk veit vi finst og støttar oss. Det er vi takknemleg for. Men vi er klare for å nå ut enda breiare og større, avsluttar Janne.

Powered by Labrador CMS