NEDLEGGING: Forslaget om å leggje ned Folkestad ungdomsskule blei nedstemt, men frykta for at saka kan kome opp igjen, er framleis til stades."

Folkestad ungdomsskule overlevde – for no

Volda kommune står i djup økonomisk gjeld – på same måte som fleire andre kommunar på Søre Sunnmøre. Eitt av føreslaga for å redusere kostnadene har vore å legge ned Folkestad ungdomsskule, noko bygda reagerte kraftig på. 

Publisert

FOLKESTAD: Like før jul blei framlegget nedstemt. Foreldrerådet ved skulen (FAU) var tidleg ute med å protestere, og la fram fleire argument for å behalde skulen. Ein av dei som er glade for at forslaget blei nedstemt er FAU-leiar Emilie Forberg-Olsen.

FAU-LEIAR: Emilie Forberg-Olsen er glad for at forslaget blei nedstemt.

– For dei ungdommane som bur innerst i bygda, blir det veldig lang skuleveg. Det vil påverke trivsel, fritid og moglegheita for å gjere lekser, seier Forberg-Olsen.

Ho understrekar viktigheita av ein liten skule.

– Lærarane kjem tettare på elevane, og vi opplever at det fører til eit godt læringsmiljø, seier Forberg-Olsen.

Ho fortel at oppslutninga frå bygdefolket har vore tydeleg.

– Eg føler absolutt at eg har bygda i ryggen. Ved å bevare skulen held vi bygda i live, legg ho til.

Sjølv om framlegget om nedlegging blei avvist denne gongen, erkjenner Forberg-Olsen at trusselen ikkje nødvendigvis er over.

– Eg går ikkje rundt og fryktar det, men det ligg alltid i bakhovudet. Dei får ikkje legge ned ungdomstrinnet utan ein kamp, avsluttar ho.

Uviss kva framtida bringer

Oppvekstsjef i Volda kommune, Per Ivar Kongsvik, stadfestar at det i dag ikkje ligg nokon nye planar om nedlegging. Samstundes erkjenner han at det økonomiske biletet i framtida kan endre situasjonen.

– Per i dag ligg den ballen død, men realiteten er at budsjettsituasjonen i 2026 kan få betydning for korleis vi går vidare, seier Kongsvik.

Er skulen freda framover?

– Vi kan ikkje seie at den er endeleg freda, men vi veit heller ikkje kva framtida vil bringe, seie han.

FOLKESTAD: Rektoren ved Folkestad ungdomsskule ser inga grunn til å leggje ned skulen slik elevtalet er no.

Ein oversiktleg læringsmiljø

Rektor ved Folkestad ungdomsskule, Tom Erik Bogen, peiker også på fordelane ved ein liten skule.

– Vi vil seie at vi har eit oversiktleg læringsmiljø, med gode moglegheiter til å tilretteleggje for elevane, seier Bogen.

Skulen har også fungert som mottaksskule for ukrainske flyktningar.

– Vi har plass til dei, legg han til.

Samstundes er han realistisk med tanke på framtida og at det er avhengig av at elevtalet ikkje søkk lengre nedover.

– Vi kan ikkje drive skule for veldig få elevar for kvart pris, seier han.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS