INTERNASJONALISERING: Pangaia er plassen for dei internasjonale ved Høgskulen i Volda.

Fleire studentar planlegg å ikkje dra på utveksling

I Volda er situasjonen litt betre.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: Berre 11 prosent av studentane som studerte vårsemesteret 2022, har hatt eit studieopphald i utlandet. Dette kjem fram i ein artikkel frå SSB.

OPPFORDRING: Humberset ved internasjonalt kontor, oppfordrar alle som vil til å utnytte muligheta om utveksling.

Høgskulen i Volda (HVO) ligg over gjennomsnittet. I 2023 var 18 prosent av alle uteksaminerte på utveksling, viser tal frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

– Høgskulen i Volda er både god og dårleg på utveksling på same tid. Dersom "god" betyr å sende ut mange, er vi veldig gode på bachelorprogramma våre, seier Arne Humberset, som er leiar for internasjonalt kontor ved HVO.

– Men vi er tilsvarande "dårlege" på utveksling frå våre masterprogram og frå ein del andre studieområde, fortset han.

Mediefaga er best på utveksling

Alle norske studieprogram legg til rette for at studentar skal kunne ta eit utvekslingsopphald i utlandet, i løpet av studieløpet.

Humberset peikar på Avdeling for mediefag som ein god avdeling for utveksling.

– Her har det utvikla seg ein kultur for dette på avdelinga over tid. Studieprogramma har i stor grad klart å halde av eit semester som heilt valfritt. Dette gjer at studentane har gode moglegheiter til å utveksle utan å vere redde for om emna frå utlandet kan innpassast i graden, fortel han.

Elise Undheim Eide er ein av studentane ved Avdeling for mediefag som har vore på utveksling.

– Eg var på utveksling i vår. Da reiste eg til Wales, og det angrar eg ikkje på, seier Eide.

Ho går siste året på medieproduksjon ved Høgskulen i Volda, og synest utveksling har vore ei positiv oppleving.

– Eg vil verkeleg anbefale alle å dra på utveksling. Du får den hjelpa du treng for å få det til, og det er så kjekt. Det er sikkert fag du ikkje får tatt her, så eg fekk ta mange kule fag som bildeframkalling i mørkerom. Det hadde eg ikkje lært her, seier ho, og held fram:

– Eg følte at eg hadde skulen i ryggen og at det var veldig enkelt og greitt å få det til.

FORNØGD: Eide angrar ikkje eit sekund på at ho drog på utveksling.

Komme seg ut frå Volda

Aurora Sandven og Kaja Skarpnes går begge første året PR, kommunikasjon og media. Dei har lyst til å dra på utveksling når dei har moglegheit.

NY OPPLEVING: Kaja Skarpnes(T.V.) og Aurora Sandven er begge to veldig motivert for eit utvekslingsopphald.

– Da eg søkte på studiet, såg eg allereie på moglegheitene for kvar ein kunne ta utveksling. Så det var liksom ein av grunnane til at eg gjekk her, seier Sandven.

– Det er jo for å skape nye relasjonar og få nettverk i bransjen som vi skal jobbe i seinare i livet. Oppleve nye ting, lære nye ting og ein heilt ny kultur, fortel dei vidare.

Dei synest Volda er ein liten stad, så det er godt å komme seg litt ut.

– Spennande oppleving

Tomas Håvik Hildremyr går andre året på grunnskulelærar for 5. til 10. trinn. Han vurderar å ta utveksling på tredje året.

– Det verkar som ei spennande oppleving. Studiet vårt er fem år langt, og litt variasjon er kanskje greit. Det er mykje å lære av det òg, fortel Hildremyr.

Han synest at dei kunne fått litt meir informasjon.

– Eg har ikkje høyrt så mykje om det sjølv, eigentleg. Det er ikkje nemnt i det heile tatt, trur eg. Men eg veit at det er ein moglegheit, seier lærarstudenten.

– Så eg bør kanskje mase litt på skulen, for det er fint å vite litt meir om utveksling. Eg trur eg kjenner fleire som er interesserte, avsluttar han.

VARIASJON: Hildemyr vil ha eit avbrekk i det 5-årige studieløpet.
Powered by Labrador CMS