
Er det greit å lure lesarane?
Avisa Møre-Nytt i Ørsta slutta å lure lesarane sine for fleire år sidan. Møre i Volda vil halde på tradisjonen og meiner at aprilspøken, så lenge den er harmlaus, framleis kan ha ein plass i pressa.
1. april er også kjend som aprilsnarr-dagen - då er det lov til å narre og lure kvarandre. I mange år var dette også ein tradisjon for pressa, kor dei lurte inn ei tullenyheit som underhaldning for lesarane. I ei tid der falske nyhende florerer meir og meir, har mange mediehus derimot slutta med dette.
Hans Fredrik Dahl er medieforskar og tidlegare kulturredaktør for Dagbladet. Han fortel at det allereie på 1980-talet var ein stigande skepsis mot aprilsnarr.
– Vi snakka ein del om vi skulle ha aprilsnarr, men allereie den gongen var det slik at det var færre og færre aprilspøkar i pressa. I Redaktørforeininga var det også ein stigande skepsis.
Dahl meiner at falske nyhende og desinformasjon er mykje av grunnen til at norske aviser ikkje lenger spøkar med lesarar.
Vil ikkje lure ørstingane

Avisa Møre-Nytt i Ørsta har ikkje hatt aprilsnarr på omlag 15 år. Tormod Utne er redaktør for Møre-Nytt, og har ingen planar om å spøke med lokalbefolkninga i Ørsta i år heller.
– Det er rett og slett for å ikkje forvirre lesarane, og at avisa skal vere til å stole på. Vi vil oppretthalde kravet i presseetikken, ha kontroll på kjeldekritikk og faktaopplysingar, fortel Utne.
Utne er usikker på kor stor risiko det faktisk er med ein aprilsnarr, men meiner det er ein prinsipiell haldning.
– Vi skal vere til å stole på. Difor er det viktig å vere preventiv og unngå at det kan bli stilt spørsmålsteikn ved truverdigheita vår.
Vidare trur Utne at om aprilsnarr-spøken skal leve vidare i det redaktørstyrte media, vil den få eit nytt liv i ei anna form.
– Eg trur ikkje den vil vere knyt til samfunnsspørsmål eller røre bort i politikk, men heller drive mot det meir ufarlege, at ein ikkje rotar til det som kan misbrukast av forskjellege aktørar.
Volda får aprilsnarr

Tore Aarflot, redaktør i avisa Møre i Volda, seie at regel nummer ein for dei er å oppretthalde truverda deira. Avisa Møre skal ha aprilsnarr i år, og dei er ikkje redd for at det vil svekke truverda.
– Aprilsnarren må vere såpass usannsynleg at etter litt ettertanke vil det vere innlysande at det er ein spøk.
Aarflot meiner mange lesarar synest det er kjekt med aprilsnarr, men at det også er nokre som vert lurt og kanskje litt sinte. Likevel meiner han at spøken kan vere viktig på fleire område.
– Det minner oss på at vi må vere kritiske til det vi les. Det er også viktig med ein humoristisk sak opp i det heile. Fersk klippfisk på kaia i Volda er fin, den er så innlysande, humrar Aarflot.
Spøkane kan skremme
Hans Fredrik Dahl meiner det vert meir og meir rart om det dukkar opp eit tilfelle av aprilsnarr i pressa.
– Er det i det heile tatt eit forsøk på aprilspøk i dag, vil det vere om små og openlyse ting og ikkje store verdensnyhende.
Risikoen for ei kvar avis vil vere at den skremmer fleire lesarar enn den tiltrekker. Det er tvilsamt at aprilsnarren vil leve vidare i redaktørstyrte media, fortel Dahl.
– Årsaka til at talet på aprilspøkane har minka over tid, kan ha med at skikken med å narre andre ikkje er så vanleg lenger. Om det dukkar opp eit tilfelle trur eg det vil virke avskrekkande, avsluttar han.