DANSESIRKEL: God oppvarming er viktig, seier instruktør Øyvind Sandvik.

— Det som er godt for hjartet, er godt for hjernen 

For seniorane i Ørsta og Volda kommunar har dansen blitt viktig for både kropp og sjel. Kvar veke møtest danseglade medlemmer på Ørsta kulturhus for trim og godt selskap.  

Publisert Sist oppdatert
PÅDRIVER: Trim er viktig meiner Karen Sverdrup

— Trening er viktig, spesielt for å bevare god helse og forebygge sjukdom når man blir eldre. Det seier Karen Sverdrup, fysioterapeut og forsker ved Nasjonalt senter for aldring og helse.

Ho understreker viktigheita med å vere i regelmessig fysisk aktivitet for å hindre demens og hjarte- og karsjukdommar.

— Det som er godt for hjartet er godt for hjernen, og det er aldri for seint å starte

Sverdrup seier også at aktivitet i grupper kan vere viktig. Det gir felleskap, kan skape tilhøyrsle og gjere det lettare å fortsette visst en mista motivasjon.

aaa

..

IVRIG: Instruktør Øyvind Sandvik gjer seg klar til å setje i gong dagens økt.

Snitt alderen her er litt over 80 år, men vi er spreke

I Volda og Ørsta samlar seniorane seg kvar veke for å danse. Dei er enige om at dans og trim bidreg til betre helse.

Instruktør Øyvind Sandvik har sidan 2005 vore eit fast medlem i Seniordans Norge. Organisasjonen har som mål å betre fysikken, den mental helsa, i tillegg til å byggje sosiale nettverk. 

Sandvik seier at det er fokus på balanse og konsentrasjon.

Det er god trim for hjernen, dei må lære ny koreografi og dans for kvar øving.

Han fortel at mange av medlemmene er enker. Seniordansen har blitt eit trygt samlingspunkt. 

— Dei fleste er åleine, men her kjenner alle kvarandre. Det er utruleg sosialt, seier Sandvik. 

DANSEGLEDE: Petra Folkestadås har dansa heile livet.

Alder er berre eit tal

Petra Folkestadås (97) er ein av medlemmene i Seniordans Ørsta. Ho har dansa sidan ho var 15 år og er overtydd om at dansen er årsaka til den gode helsa hennar. 

— Eg har dansa heile livet. Forskarane seier jo at det er bra for for konsentrasjonen og kroppen. Det trur eg på, seier Folkestadås og svingar seg på parketten i Ørsta. 

FULLT HUS: Stort oppmøte under dagens økt.

Hør radiosaken her:

Powered by Labrador CMS