Bergsøy IL med gratis fotballtilbod
Bergsøy IL tilbyr HAV-Xtra fotballtreninger for barn. Målet er å skape meir aktivitet for unge, derfor er dei som har slutta også velkomne tilbake på fotballbana.
BERGSØY: – Det er gratis for alle. Sjølv dei som har slutta er velkomne på disse treningene. Vi er veldig glade for å kunne tilby dette, fortel Magnus Myklebust.
Myklebust utdanna seg i fjor til "spelarutviklar B" i regi av Norges Fotballforbund (NFF). Han har tidlegare uttalt seg til Bergsøy IL at spelarane skal ta meir eigerskap i si eiga utvikling. I tillegg ser han på fotballtilbodet som ei viktig tilrettelegging:
– Det er viktig å ta vare på alle. Spelarutviklaren er for dei som ynskjer å utvikle seg i sine spesifikke posisjonar på fotballbana. Spelarutviklaren er først og fremst for ungdom, barnefotballen er for alle.
NFF reknar barnefotball som 6-12 år, mens ungdomsfotball er 13-19 år.
Fotballtrenar og fysisk trenar for Bergsøy, Konstanse Nærø, er glad det er mange dyktige foreldretrenera. Ho håpa ekstratiltaka er med på å inspirere og motivere spelera og trenera:
– Klubben prøver å syte for god aktivitet for barn, og at alle blir sett.
Kan danne eit betre grunnlag
I Bergsøy er dei ikkje redde for å starte tidleg med trening. Nærø meiner at barn som startar tidleg med fleire treningar i veka eller tilrettelagt trening dannar eit mykje betre grunnlag for ungdomsfotballen.
– Det er mykje artigare når du kan sjå ein raud tråd frå barnefotballen og vidare opp mot seniorfotballen, fortel Nærø.
– Vi skal hjelpe dei
Begge meiner dei skal legge til rette for at spelarane skal bli så gode som dei ynskjer. Om det er å spele på Manchester United eller å komme seg opp på A-laget:
– Det er min ambisjon som spelarutviklar. I barnefotballen skal vi vere med å hjelpe dei. Der vår hovudprioritet er å tilby god aktivitet og komme med tips og triks.
For spelarane som har høge ambisjonar er det viktig for klubben at tilbodet skal bli gitt her. Det er så dei ikkje forsvinn til større klubbar for tidleg, fortel Myklebust vidare:
– Målet vårt er at dei skal få eit godt nok tilbod i Bergsøy. Dersom dei er for gode for våre A-lag må dei selvfølgelig få prøve seg på eit høgare nivå. Då har vertfall vi oppnådd det vi ønske med spelarutviklinga om det skjer.