
10 millionar til fyrstegongsetablerar
Ørsta kommune har fått innvilga eit låneopptak på ti millionar kroner frå Husbanken. Pengane skal gå til fyrstegongsetablerar.
ØRSTA: Er du ein av dei som kunne tenkje deg og flytte til Ørsta, og ynskjer og eige, framfor og leige? No er det blitt hakket lettare. Som ein del av kommunens nye Bustadsosial-handlingplan (2024-2031) vil kommunen gjere det lettare for å skaffe seg eigen bustad. Desse pengane kommunen no får, er ein del av Husbanken si prøveordning for startlån til fyrstegongetablerar.
Krav til lånesøkjaren
Børge Gundersen, Økonomikonsulent i kommunen, opplysar at eventuelle kandidatar skal søkje via Husbanken sine sider. Dei skal skrive litt om seg sjølv, og bevise at dei er innanfor målgruppa:
1. At dei er førstegongsetablerar
2. At dei ikkje kan få lån i privat bank, på grunnlag av for lite eigenkapital.
Desse pengane kan nyttast til blant anna å kjøpe ny eller brukt bustad. Dei kan også brukast til å tilpasse eller utbetre noverande bustad, eller å bygge heilt nytt .
Lånet fra Husbanken skil seg frå huslån i ei privat bank ved at ein ikkje treng 10% eigenkapital. I Husbanken er 5% av prisen på bustaden sin marknadsverdi nok.
Ordninga er primært tiltenkt mennesker som allereie bur i kommunen, men tilflyttarar kan også vurderas uttalar, Gundersen.
Positivt for kommunen

Student, Åsmund Øyehaug frå Ørsta har allereie sendt inn ein epost til kommuna, og fortalt at han er interessert:
- Eg tenkjer ordninga er veldig positivt for folk som skal kjøpe seg enten leiligheit eller hus og kanskje har lite eigenkapital. Du må ikkje ha så mykje, for å kome deg inn på boligmarknaden. Det er gjerne den perioden i livet du har litt mindre pengar, at du treng pengar!
Per Atle Røse i Bulyst Ørsta peikar på at startlånet er positivt for den demografiske utviklinga:
- En fortetting i sentrum skal ikkje berre vere eldrebustadar. Det skal vere også unge som flyttar til sentrum, og der er unge etablerar-millionane for kommunen ein viktig brikke. Det er eit positivt bidrag til Ørsta kommune og unge etablerarar.