Les siste utgave som PDF
Ja, me vil ha menn i kvit uniform!
På Volda sjukehus er det kvinnene som dominerar, men dei ynskjer seg fleire mannebein på arbeidsplassen.
Norsk sykepleierforbund vil innføre kjønnspoeng for å rekruttera fleire menn til sjukepleiarutdanninga. Ved Volda sjukehus er dei positive til ein arbeidsplass med både kvinnelege og mannlege sjukepleiarar, men dei er usikker på om det å gje ekstra poeng til dei mannlege søkarane er vegen å gå. Sjukepleiar Erna Sunde sett pris på testosteron på arbeidsplassen.
- Her på sjukehuset har me nokre mannlege sjukepleiarar, sjølv om det er ei overvekt av kvinner. Men ein merkar både på tilsette og pasientar at det er populært med menn i kvit uniform, spesielt hos dei eldre damene, fortel Sunde.
Sykepleiarforbundet vil gje dei mannlege søkjarane to ekstra poeng og vonar at dette skal vera med på å skaffe fleire studentar til linja. Grunnen til dette er det aukande behovet for sjukepleiarar i årene som kjem. I tillegg meinar dei at fleire menn vil gjera tenesta betre.
- Behovet for sjukepleiarar er absolutt der og det at ein kan få rekruttert fleire menn er positivt for bransjen. Det er ikkje til å stikke under ein stol at kvinner har lettare for å danne klikkar når dei har heile manesjen for seg sjølv, seier Sunde.
Kvalifikasjonar før kjønn
- Det er viktig at ikkje dei umotiverte og ukvalifiserte gutane får komma fremst i køen.
Hovudvekta bør framleis ligga på kvalifikasjonar og ikkje kjønn, seier sjukepleiarstudent Jørn Johnsrud.
Han er akkurat ferdig med praksisperioden sin på Volda sjukehus og kan kalle seg sjukepleiar til sommaren. Før han byrja på sjukepleiarutdanninga jobba han som matros.

Jørn Johnsrud er ein av få mannlege sjukepleiar
Foto: Malene Drivenes
- Eg har erfaring både frå manns- og kvinnedominerte yrker, men må sei at eg trives best her eg er no. Dette er nok fordi eg her har moglegheita til å hjelpa andre, seier Johnsrud.
Han kan fortelja at reaksjonane på hans studieval har vore blanda, men jamt over positive.
- Nokre flåsete kommentarar har det blitt, men det bryr eg meg fint lite om. For det å verasjukepleiar er ein fin jobb og moglegheita for fast stilling er betre enn i dei fleste andre yrker.
Sarah Naomi Reite (15) og Bojana Dragovic (15) skal byrja på vidaregåande til hausten og har begge helse og sosialfag som sitt førsteval. Dei ser ikkje vekk i frå at det ein dag vert sjukepleiarar av dei.
- Det at gutane kan få ein fordel, trass i at dei kanskje er fagleg svakare, syntest eg ikkje noko om, seier Reite.
- Samtidig syntest eg det er positivt med fleire mannlege sjukepleiarar, fordi dei gjer ein god jobb.












