Les siste utgave som PDF
Eit populært bibliotek
Biblioteket ved Høgskulen i Volda har hatt ein gledeleg aktivitetsauke.

Bibliotekar Jorunn Halvorsen er
fornøgd med aktivitetsauken.
Foto: Karoline Rise Nøstdal
Bibliotekar, Jorun Halvorsen fortel at den nye utlånsautomaten og betre informasjon er noko av det som har fått fleire til å låne ved biblioteket.
-I sommar hadde vi eit prosjekt der vi stengde heile biblioteket i åtte veker for å radiomerke alle bøkene. Vi bestemte oss for å kjøpe inn utlånsautomaten som også viser seg å vere ei god investering, fortel Halvorsen.
Auke i utlån
Den nye automaten har lånt ut heile 8000 bøker frå august til januar, noko som Halvorsen meiner er oppsiktsvekkjande tal. Likevel har ho ingen formeining om at automaten har hatt store innverknadar på det totale utlånet.
-Det totale utlånet i fjor var på heile 65 780 dokument, ein auke på 6,2 prosent i forhold til 2008, fortel Halvorsen.
Utlånsautomaten er enkel å bruke.
Sjølvbetjening
Ho fortel vidare at den nye automaten gjer det enklare for både lånar og utlånar.
-Før måtte vi registrere alle bøkene manuelt, noko som vart ganske slitsamt i lengda. No er det derimot mogleg med sjølvbetjening, der maskina automatisk registrerar bøkene.
Køa forsvann også etter at automaten kom.
-Ofte kunne ein oppleve stor kø. Dette førte til at mange vart lei og berre gjekk, fortel bibliotekaren.
Eit læringssenter
Halvorsen er godt nøgd med aktivitetsauken og meiner det er viktig å ikkje berre stå fram som eit bibliotek men også som eit læringssenter.
-Biblioteket er og skal vere ein stad der ein både kan møte gamle og nye bekjente, diskutere pensum eller berre sette seg ned for å lese ei god bok.











