Nærnett
Vi kommer tilbake i høst!
Satsinga på julebord i fjor var ein suksess. Snart vil også gjestane traske rundt i gangane året rundt.

Fredag opnar Hotel Union Øye offisielt dørene for årets første gjestar. Fjoråret blei lengre enn vanleg for dei tilsette, då hotellet heldt ope heilt fram til 18. desember.
Satsinga på julebord var ei utprøving som ga 650 fleire besøkande, noko hotelldirektør Mariann Øye-Mork (26) likte godt.
- Det var ein kjempesuksess. Vi gler oss til å gjenta det i år, seier ho.
Vanlegvis stengjer hotellet i slutten av september, sett bort frå større arrangement i oktober. Men julebord skal dei satse vidare på, og årets sesong blir like lang som i fjor.
Ikkje alle roma er booka til opninga fredag, men aktiviteten blir stor framover. Snart skal ungdomen konfirmerast, og til sommaren er det ifølgje assisterande hotellsjef, Anny Bernhoft (26), utruleg mange bryllaup som skal feirast ved hotellet.
Doblar dynetalet
I dag har hotellet 27 rom, som alle har eigne namn etter fornemme gjestar frå tida før gamle dagar. Om sommaren må Øye-Mork ofte avvise reisande som gjerne skulle hatt eitt av dei. No satsar eigarane 100 millionar kroner på eit tilbygg som aukar talet på rom frå 27 til 55.
I den samanheng stengjer hotellet i heile 2013.
- Klart det er utfordrande, men vi vil ikkje at gjestane skal få øydelagt opphaldet av bråkande gravemaskinar, seier Øye-Mork.
Når siste ribba er servert til jul i år, må altså vitjande vente til april 2014 før hotellet med tilbygg opnar på ny. Då vil Hotell Union Øye halde ope heile året. Dette skal dei klare ved å auke satsinga på det lokale næringslivet, spesielt i Ørsta, Volda og Ålesund. Ein ny konferansesal med plass til 100 personar skal lokke verksemdene til Norangsdalen og Øye.

Gjestar likevel
Som besøkande på hotellet i Hjørundfjorden kjem ein ikkje unna alt det underlege som skjer der. Blant dei siste episodane har vi ekteparet som skulle avslutte vinglasa sine på det heimsøkte «Blå rommet». Godt plasserte i dei gamle stolane såg dei opp på ei lysekrone som sjangla av seg sjølv.
Kanskje hadde dei gløymt å setje ut laukafatet?
Steg i gangane og trappene er det mest vanlege. Nyleg valde hotellsjefen ein morgon å hoppe ut vindauget på kontoret sitt då nokon gjekk på andre sida av døra hennar og opp til andre etasje. Ingen skulle vere i huset, sjølv om kjøkensjefen var venta. Då Øye-Mork ringde for å sjekke, vekte ho han.
- Så lenge vi er snille med andane, er dei snille med oss, seier Bernhoft med glimt i auget.
Truleg vil gjengangarane setje pris på eit år der ingen ligg i sengene deira. Etter ein lang sesong i fjor hadde Bernhoft sett vekk julepynten og var på veg heim. Ho hadde derimot gløymt att noko inne på hotellet og måtte tilbake. Der var døra til loftstrappa opa, og lyset var sjølvsagt på.
Av dei mest fornemme gjestane hotellet har verta, finn vi Keisar Wilhelm II av Tyskland. Han kom gjennom fleire år tilbake på besøk til Øye. I følgjet hans var Philip, som fall hovudstups for stuejenta Linda.
Deira forbodne kjærleik resulterte i at Philip tok livet sitt fordi han ikkje fekk skilje seg frå si tyske kone i heimlandet. Då Linda fekk vite dette, forsvann ho. Ikledd kvit brudekjole blei ho funnen att død i elva.
Linda gir ofte besøkande og andre på rom nr. 7 ei kald hand over skuldra.

Varulvjakt
Nokre let seg inspirere av den storslagne naturen og tindane som reiser seg kring Øye. Hotellsjefen meiner hotellet i seg sjølv er ei dragkraft for turistane.
- Mange kjem for å oppleve hotellet. Dei vil kjenne atmosfæren, leve seg inn i ei anna tid og høyre historiene vi fortel kvar kveld, seier ho.
På hausten får gjestane tilbod om å vere med på noko dei ikkje heilt får vite kva er. Dei som tør, tek med seg oljelampar og vandrar til skogs i tussmørket.
Inne i skogen blir dei fortalte kva som fins rundt dei. Kva som så skjer, vil ikkje hotellsjefane røpe, anna enn at dei blant anna tenner bål inne i skogen og et lokalprodusert spekemat og ost.
- Dei som kjem tilbake melder om at dei kunne betalt det dobbelte for opplevinga, fortel Øye-Mork. Vi sel noko gjestane ikkje veit kva er med stor suksess.

Kva skal rommet heite?
Bernhoft vil og kan ikkje røpe om hotellet får besøk av celebritetar i året som kjem, men seier at i fjor var det ingen kongelege som var innanfor dei historiske veggane.
Når utvidinga er ferdig, må dette gjerast noko med, og Bernhoft spøker med at dei lyt invitere nokre store namn slik at dei nye roma får like staselege namn som dei gamle.
Så spørs det om mannen med dei gamle kleda i kjellaren om to år blir nøgd med kven som gjestar toaletta i underetasjen.
Siste Sport
16:06
Punktering før ti minutter28:04
Se kampen mellom Volda- Surnadal27:04
Følg kampen live fra 14:0013:04
Se Volda Fotballs seriestart live12:04
Takk for oss!12:04
- All ære til Dimna IL11:04
Avfeier nedrykk10:04
Følges av Usain Bolt10:04
Ingen TV-kamper fra Norgesmesterskapet i fotball10:04
Spenning i serieåpninga08:04
Syvendeplass sammenlagt for Ingvild08:04
Overtidsdrama da Hødd tapte i seriepremieren08:04
Topptrener klar for Volda07:04
- Jeg ser ikke bort ifra at vi passer bedre i eliteserien06:04
Tidligere Molde-spiss klar for HøddSiste Kultur
18:04
- Ingen bryr seg om karakterer12:04
Takk for oss!11:04
Fullsatt sirkus11:04
Dagsland til Ørsta11:04
Kvar er eigentleg sentrum?11:04
Georg Lipai rauk ut av Idol11:04
Hvorfor er det så ukult å være alene?10:04
Ville levd Volda om igjen10:04
Age of Empires II ute i ny versjon09:04
Havregryn for alle penga!09:04
Mangler frivillige09:04
- Kom dere ut i verden!09:04
Ikke lettlurt08:04
- Verdens triveligste filmfestival!08:04
- Vi begynner å bli ganske drevneSiste Nærsynet
12:04
Takk for oss!11:04
Nærsynet 11. april09:04
Nærsynet 9.april06:04
Nordmenn reiser som aldri før05:04
Tar korteste vei05:04
Tirsdagsklubben - et stort høydepunkt04:04
Discgolf - en sport for alle04:04
Finner slektninger med bomullspinner04:04
Nærsynet 04.04.1304:04
Frykter ny påkjørsel04:04
Ørstingers forhold til selvangivelsen04:04
Saknar kvinnene03:04
Nærsynet 03.04.1422:03
Påskeferie22:03
Svaret på snømytaNyheter