Med sluk og snøre

Scooter lura i si tid på "How much is the fish?" . Svaret er: "Fint lite!".  Ein stor fjord ligg og venter på at ein kjem og forsyner seg av matfatet. Vi testa fiskelykka på Folkestad.

Av Renate Henriksen-Sandvær 19/04 - 2012 kl 19:20

Flo og fjøre-tabellen i Møre er intenst studert, og lagra på telefonen. Sekken er pakka bredfull av utstyr. Ei flaske med vatn er fylt, tilbodet om medbrakt kaffi er avslått. Her skal det fiskes, ikkje drikkas kaffi. Ferda nedover Råsa på Folkestad går med lett steg og myndig blikk. Fullflo er tre timer unna, det er blå himmel og vindstille.

Kom til mor!

Det du treng, er ei fiskestong, ein kniv og nokre slukar. Vi har sjølvsagt ekkolodd, fileteringskoffert og to stenger i reserve - men så har vi alltid vore opptekne av å vere godt utstyrt. Det er ikkje dyrt utstyr - ei fiskestong for saltvatn får du for tre hundre kroner, tipakke med sildesluk for nittini. Og det har du tjent opp igjen på eit par turer, om fisken bit.Vi nytta sluker frå atten til førti gram.

Blå sluk, grønt vatn

Første kast går på ein rustholk av ein blå sluk, tjuefem gram. Sluken treff vatnet med eit plopp, snøret får gå nokre sekund uten å gå til botn. Innsveivinga går med rykk, for å narre fisken til å tru at sluken er ein skada småfisk. Og det fungerer - berre eit par sekund etter at innsveivinga er byrja hogg det til. Latskapen i motstanden tyder på at det er ein torsk - noko som vert stadfesta kort etter. Ein torsk på halvanna kilo kjem opp av vatnet, med ein akkar (og sluken) i kjeften.

Sølvbuk og sultne katter

At det er fisk ved brygga, får vi sjå med sjølvsyn. Det blinker i sølvfarga fiskebuk like nedafor føtene våre, og ekkoloddet går nesten varmt når det skal rapportere om aktiviteten i vatnet.

Knappe to timar seinare, er fangstrapporten følgande: To torsk, tre lyr, ei lange og ein småsei. Den svarte og kvite katten som satt og såg lengtande mot brygga der vi sto, er forsvunne. På brygga ligg det att fiskehovud og innmat, for fisken vart sjølvsagt bløgga med ein gong den var oppe på brygga.

Kva skjer så?

Jo, fisken må fileteres.

Resten er opp til kokken Thor-ild

Siste Sport

Siste Kultur

Siste Nærsynet

Nyheter