Lærer å lyde

Kvar tysdag kan du få hjelp til å lære hunden din alt frå å sitte til å kysse.

Av Wibeke Nord Haugland 18/04 - 2012 kl 12:41

– Ho gjer alt for ein godbit, seier hundeeigar Svein Arne Sætrenes.

Hunden Thia kan både danse på to bein, gje eit kyss og gje "gimme five" med poten om matfar Svein Arne Sæternes fristar med ein kalkunbit.

Rundt beina hans lograr den tibetanske spanielen Thia. Ho går gjerne opp på to bein, gjer «gimme five» med poten, kyssar med snuten og adlyder ordre frå matfar.

– Sitt, seier Sætrenes bestemt.

Thia gjer det umiddelbart. Etter å ha vore på hundetrening i Hovdebygda kvar tysdag i 1,5 år veit hunden kva som skal til for å få godbit. Premien er ein kalkunbit.

– Ein lærer mykje kvardagslydigheit og det er sosialt og kjekt. Det er veldig godt miljø, seier Sætrenes.

Opent for alle

På rekke og rad står det ein dalmatiner, rottweiler, tibetansk spaniel, Eurasier og fleire. Hunderasane er like ulike som hundeeigarane. Det er både unge, gamle, kvinner, menn, barn, nybyrjarar og meir erfarne som er med. Til og med ei dame som ikkje har hund.

– Her får eg så mange gode råd. Eg har lyst på ein liten hund som kan passe til meg, men synest det er vanskeleg å velje rase. Derfor er det kjekt å sjå på hundane her, seier Julie Wiegaard.

Store og små hundar lærer seg å forhalde seg til kvarandre på hundetrening i Hovdebygda kvar tysdag.

 

Karina Martinsen trenar opp rottweilaren Aro til å bli lavinehund og synest det er veldig sosialt å treffe andre hundeeigarar kvar tysdag.

Øvingane på treninga går ut på både rollespel og instruksjonar. Hundane skal blant anna lære å halde seg rolige, ikkje bjeffe i ulike situasjonar og lyde når eigarar seier «sitt» og «stopp».

God trening

Rottweilaren Aro er også på hundetrening. Han er C-godkjend til å bli lavinehund i framtida og trenar ekstra mykje på lydigheit.

– Det går med veldig mykje tid, men det er kjekt når han lærer og høyre på meg. Det blir eit utruleg samspel, fortel hundeeigar Karina Martinsen.

Martinsen er med i Ørsta og Volda hundeklubb og er ei av dei som vekslar på å halde treningane kvar tysdag.

– Nokre er kanskje redd for at det er for «seriøst» det vi held på med, men det er opent for alle. Det kan kome både både kvalpar som lærar å sosialisere seg, problemhundar som ikkje vil lyde eller nokre som treng hunderåd. For folk som nettopp har fått seg hund og vil lære om oppdraging, vil det nok vere heilt supert å komme hit, seier Martinsen.

 

Hunderasane er like ulike som hundeeigarane på hundetrening. Det er både unge, gamle, kvinner, menn, barn, nybyrjarar og meir erfarne som er med.

Siste Sport

Siste Kultur

Siste Nærsynet

Nyheter