Les siste utgave som PDF
Eit blikk på verda
Med få tastetrykk kan du no få oversikt over dagens papiraviser frå heile verda, på Internett.

Lars Havåg håper at fleire vil
nytte seg av databasen.
Foto: Karoline Rise Nøstdal
Library PressDisplay er ein database med aviser i fulltekst frå heile verda. Ein har tilgang på over 1000 aviser frå meir enn 80 land. Den er spesielt retta mot universitet og høgskular, bibliotek og offentleg forvaltning. Bibliotekleiar Lars Havåg fortel at Høgskulen på nytt har fått tilbod om å abonnere på databasen.
- I fjor hadde vi ei prøveperiode på systemet, men fekk lite respons frå studentar og tilsette. No prøvar vi på nytt. Vi vil informere fleire om tilbodet, som er gratis, understrekar Havåg.
Vidare seier han at prøveperioden går ut 30. mars, men om tilbodet blir nytta og responsen blir god er det mogleg at biblioteket gjer dette til eit fast tilbod.
Få veit om det
Etter ein prat med tilfeldige studentar frå ulike studium kom det fram at ingen visste om det gode tilbodet. Det er mange som kan dra nytte av databasen. Blant anna journalistikkstudentane er avhengig av å halde seg oppdaterte på kva som skjer rundt om i verda.
Lokalnytt frå Tsjekkia
På Pangaia møter vi Vijta Bednar frå Tsjekkia. Han hadde heller ikkje høyrt om avistilbodet, men etter ein rask kikk falt databasen fort i smak.
- Oh, this is cool! And i`ts updated, smiler Bednar mens han ser på dagens utgåve av den største nasjonale avisa på heimlandet.
Høgskulen har mange utanlandske studentar frå fleire ulike land. Dette tilbodet kan gi dei ei betre oversikt over kva som skjer i heimlege trakter.
Brukarvennleg
Systemet er lett å bruke. Ein kan klikke seg inn på nyheiter frå ønska land, sortere dei etter tema eller sjølv velje søkeord. Sosionomstudent Thomas Aleksander Søberg synest Library PressDisplay virka som eit godt alternativ til nettaviser.
- Papiraviser synest eg er mykje betre så dette er eit genialt tilbod.

Library PressDislay er brukarvennleg.











